Hopp til innhold

Frank må stå heilt i ro for å høyre DAB-radio

Det nye DAB-nettet skal gi publikum fleire kanalar, men mange slit framleis med å få signal. I Jølster har Frank Anders Borch-Åmot gitt opp å høyre favorittkanalen.

Det nye DAB-netet skal gi publikum fleire kanaler, men mange slit framleis med å få signal. I Jølster har ein ivrig radiolyttar gitt opp å høyre favorittkanalen.

SJÅ TV-REPORTASJE: Slik er kvardagen med DAB-radio heime hos Frank Anders Borch-Åmot.

– Viss eg er heldig, kan det hende eg finn rette innstillinga, seier Borch-Åmot mens han flyttar det digitale radioapparatet rundt om kring på kjøkkenet.

Det er ikkje berre radioen som må finne sin rette plass.

– Viss ein har funne signala, så gjeld det å stå heilt i ro. Eg er ikkje fornøgd, fastslår radiolyttaren.

Sløkkjer FM-nettet

16. april vedtok kulturminister Thorhild Widvey (H) at det gamle FM-nettet i Norge skal sløkkast heilt i løpet av 2017. 51 prosent av all radiolytting går føre seg no over det nye DAB-nettet.

Det var då også med brask og bram at næringsminister Monica Mæland (H), med eit tastetrykk 1. september i fjor feira eit ferdig utbygd DAB-nett.

– Verdas beste DAB-dekning, sa statsråden då ho trykte på knappen som sette den siste av sendarane i drift.

Må i båt for god dekning

I bustaden eit steinkast frå Jølstravatnet har Frank Anders Borch-Åmot, som mange andre, gått til anskaffing av nye radioapparat. Målet var å få inn NRK sin nisjekanal P13. Det har han så godt som gitt opp.

– Eg trur mange opplever at dei kanalane dei hadde lyst å høyre på, dei får dei ikkje inn litt utanfor bysentera. Viss eg skal få godt mottak for DAB må eg reise midt ut på Jølstravatnet. Heldigvis har eg båt, seier jølstringen lakonisk.

Skal han få inn sin favorittkanal på badet, må han sjølv vere antenne. Trass i at han bur like ved E39, hovudvegen mellom Kristiansand og Trondheim.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Digital radiolytting - DAB-radio

NYE KANALAR: Det nye DAB-nettet har gitt mange nordmenn ein ny radiokvardag. Men ute i distrikta slit mange med å få inn dei mindre kanalane.

Foto: Jon-Annar Fordal / NRK

Ulike krav til ulike kanalar

Sjølv om NRK sine hovudkanalar skal ha 99.5 prosent dekning i Norge, treng dei kommersielle kanalane og nisjekanalar som P13 og NRK Sport berre å dekke 90 prosent.

Mari Hagerup, kommunikasjonssjef Digitalradio Norge, vil likevel ikkje vere med på at tilbodet har blitt dårlegare.

– Dekninga på det nye DAB-nettet er generelt høgare enn på det gamle FM-nettet. Det gjeld for NRK-kanalane, og det gjeld for kommersiell radio. DAB gir publikum ein stor meirverdi fordi det på DAB er langt større kanaltilbod, seier Hagerup.

Mari Hagerup

– BETRE ENN TIDLEGARE: Mari Hagerup i Digitalradio Norge seier dei aller fleste får langt betre radiotilbod med det nye DAB-nettet.

Foto: Fouad Acharki / NRK

Ho viser til at det kommersielle nettet aldri har vore bygd ut i ein slik skala som i dag. Tidlegare var det berre éin kommersiell kanal med 90 prosent dekning på FM-nettet.

Hagerup kan ikkje love at alle vil få alle kanalar.

– Men har ein internett der ein bur, så vil ein kunne ta inn alle kanalar, også fleire enn dei som er på DAB-nettet.

Lovar alle NRK-kanalane

– Og når det gjeld ønsket om P13 i Jølster?

– Han vil få inn P13 når ein nærmar seg FM-sløkking. I dag leiger NRK kapasitet i det kommersielle nettet for enkelte av sine kanalar. Dette er ei mellombels løysing, og alt av NRK-kanalar skal samlast i den same NRK-kanalen når ein gjer overgangen frå FM. Han må smørje seg med litt tolmod, så kjem NRK P13 også til han, lovar Hagerup.

Dermed kan det enno bli eit par år med akrobatikk, før FM-nettet blir sløkt i Sogn og Fjordane i juni 2017.

– Eg føler meg litt som Mr. Bean i den velkjende TV-sketsjen der han skal sjå på TV og må stå i ein spesiell vinkel for å få inn signala. Sånn blir det ofte når eg skal prøve å få inn radio her, ler Frank Anders Borch-Åmot oppgitt.