Hopp til innhold

I natt kom Kong Vinter på besøk i fjellheimen

På Sognefjellet er nysnøen kommen! Men du må over 1400 meter for å finne den.

Snø i høgfjellet

KONG VINTER: Det første snøfallet i høgfjellet er komme i natt. Her frå Sognefjellet.

Meteorologisk institutt hadde varsla at det kunne komme i snø over 1000 – 1200 meters høgde i helga.

Utsikt frå Sognefjellshytta

SNØ: Utsikt frå Sognefjellshytta viser skodde og snø.

Foto: Webkamera/Sognefjellshytta

– Vi må nok gje nordavinden skulda for snøfallet – eg trur det er greitt, seier ei lattermild Marit Berger som er statsmeteorolog ved Vervarslinga for Vestlandet.

I går kom det ein sterk vind inn mot fylket via eit lågtrykk i havet. Meteorologane varsla om at vinden kom til å blåse så sterkt at folk måtte sikre gjenstandar på kysten.

Vegtrafikksentralen har ikkje fått meldingar om snø over fjellovergangane i løpet av natta.

  • Sjekk trafikkmeldingane her

Lovar at sommaren ikkje er heilt over

– Med nordavinden som er i området så blir det kaldare. Det har det også blitt i løpet av dei siste dagane, seier meteorologen.

  • Sjekk yr.no for ditt vêrvarsel

Men det er ikkje uvanleg at snøen kjem i september. Mange har klaga på at snøen låg lenge i fjellet i sommar. Og no kjem snøen relativt tidleg. Men vêret vil skifte.

– Vinden minkar i løpet av dagen i morgon. Så utover veka vil temperaturane vil krype opp att til veka. Sommaren er ikkje heilt over, seier meteorologen.

Utsikt mot Fannaråken

SKODDE: Fannaråken har hatt besøk av Kong Vinter i natt.

Foto: Webkamera/Sognefjellshytta