Hopp til innhold

Første overskotet for Massiv Lust

Treforedlingsverksemda Massiv Lust i Gaupne tredobla inntektene sine frå 2013 til 2014 og gjekk for første gong i pluss i fjor.

Opning av Massiv Lust AS Trond Giske Alexander Lien

OPNA AV GISKE: Dåvernade næringsminister Trond Giske under opninga av Maaiv Lust i august 2013, saman med ein av eigarane, Alex

Foto: Anders Veberg / NRK

Selskapet omsette for vel 18 millionar og sat att med eit overskot på 169.000 kroner i 2014. Året før var omsetnaden vel seks millionar kroner, og verksemda måtte bokføre eit underskot på 724.000 kroner. Medeigar i Massiv Lust, Alexander Lien, opplyser at veldig mykje arbied er hovudårsaka til at dei har klart å snu resultatet.

– Vi har framleis mykje å gjere, og no spissar vi oss inn mot fjøs og hallar, men kjem framleis til å drive med mykje av det vi har gjort før, altså hus og hytter der massivtre er ein hovudkomponent, seier Lien.

Opna av næringsministeren

Massiv Lust vart offisielt opna av dåverande næringsminister Trond Giske i august 2013.

Ein av grunnane til den store auken i omsetnaden i fjor og dermed overskotet var bygginga av produksjonslokala til nabobedrifta Digital Etikett i Gaupne. I tillegg sette dei opp ein skule i Bergen, i tillegg til nokre hytter, privathus og landbruksbygningar.

Dei satsar no på landbruksmarknaden, og er i gang med montering av ein stor mjølkefjøs i Lærdal. Dei har og fått tilslag på eit anna fjøs i Møre og Romsdal.

Mange fjøs framover

– Innan landbruk er det ein marknad som er i vekst. Det er veldig mange fjøs som må legge om drifta dei komande åra, så vi trur vi kan leve godt der framover, påpeikar Lien.

Både ku- og sauefjøs er aktuelle. Massivtre har mange føremoner, det vert m.a. ikkje så tett og fuktig inne i bygget.

– Vår erfaring frå eit og eit halvt års drift er at det å drive med alt er veldig tungvint. Det aukar risikoen monaleg, så vi vil prøve å standardisere meir, ha konkrete system som vi jobbar etter. Dermed kan vi auke produktiviteten og også marginane.

Håpar på meir løn

Gründerane bak verksemda har jobba veldig mykje i oppstartsfasen, og håpar å kunne få ei litt meir normal arbeidstid og løn framover. På det meste har det vore 18 tilsette i Massiv Lust, avhengig av sesongen, no er dei 10 årsverk.

– Men vi har jo starta med dette fordi vi brenn for faget og for bruken av tre som råstoff. Så det er først og fremst det som trekker oss. I dag driv vi ei tung handverksverksemd, håpet er å ta steget opp til ei lett industriverksemd, seier Lien.