Hopp til innhold

Forskar meiner små barnevernskontor manglar viktig kompetanse

– Kommunane må ha minst 15.000 innbyggarar for å kunne ha eigne barnevernskontor, seier Dag Ellingsen som i ei årrekkje har forska på norsk barnevern.

Illustrasjonsfoto barnevern fra Scanpix

MANGLAR KOMPETANSE: Små barnevernskontor har for få saker med omsorgsovertaking til at dei får nok erfaring og gode nok rutinar, meiner forskar. Illustrasjonsfoto .

Foto: Scanpix / SCANPIX

I den omstridde saka i Naustdal, der eit kristent foreldrepar er fråtekne fem barn, bur det i underkant av 3000 innbyggjarar. Ellingsen er kritisk til små barnevernskontor.

– Dei manglar ofte viktig fagkompetanse i samband med omsorgsovertaking og i saker der det er behov for hjelpetiltak, seier han.

Seniorforskar Dag Ellingsen

Seniorforskar Dag Ellingsen fortel at små barnevernskontor ofte har store problem med å sikre god og brei nok fagkompetanse.

Foto: NRK

Ellingsen er seniorforskar ved Høgskulen i Oslo og Akershus og fortel at små kommunar ofte slit med kompetansen når det gjeld barnevern.

– Til dømes omsorgsovertaking blir sjeldan gjort i små kommunar, kanskje kvart femte år. Då har ein ikkje rutinar og erfaring på å takle denne type vanskelege prosessar, seier forskaren.

Ellingsen legg til at det i barnevernssaker også kan vere snakk om vald, rus, ulike typar psykiske lidingar eller ein annan problematikk.

– Dette krev oppdatert kompetanse på alle desse felta. Dette er ikkje lett når barnevernskontora har få tilsette, seier han. Ellingsen legg til at han uttaler seg generelt, ikkje om barnevernssaka i Naustdal spesielt.

Fem barn i fosterheim

Det var i november i fjor at barnevernet i Naustdal flytta fem barn i alderen i tre ulike fosterheimar. Vedtaket vart stadfesta av fylkesnemnda for barnevernet. Dei kristne foreldra er mistenkte for oppdragarvald og saka er framleis under etterforsking. Foreldra har fått babyen sin tilbake, men framleis bur fire barn i fosterheim. Familien meiner det har vore brukt mot dei at dei har gjeve borna ei kristen oppdraging. Dette har motparten avvist. Det lokale barnevernet si handtering av saka har ført til store protestaksjonar både nasjonalt og internasjonalt.

Ein kvar sakkyndig som er villig til å bruke sin sunne fornuft og fagkunnskap, vil gå inn for at ungane blir førde tilbake til foreldra.

Einar Salvesen

Slaktar barnevernet

Einar Salvesen er kritisk til dei store skilnadane mellom kommunar når det gjeld barnevernet

Psykologspesialist Einar Salvesen er sjokkert over barnevernssaka i Naustdal. Han meiner saka vitnar om at det manglar kompetanse i alle ledd.

Foto: Dan P. Neegaard

Psykologspesialist Einar Salvesen har møtt foreldra og lese alle dokumenta i saka. Han seier det vesle barnevernskontoret i Naustdal sin handlemåte ber preg av stor mangel på kompetanse.

– Saka i Naustdal er eit stort overgrep. Barna må førast attende til foreldra. Ein kvar sakkunnig som er villig til å bruke sin sunne fornuft og fagkunnskap, vil gå inn for at ungane blir førte tilbake til foreldra, seier han.

Rådmann i Naustdal, Øyvind Bang Olsen, avviser kritikken frå Salvesen.

– Eg deler ikkje kritikken frå Salvesen. Vi har følgt dei prosedyrar som skal følgjast, seier han.

Øyvind Bang Olsen

Rådmann Øyvind Bang Olsen i Naustdal avviser at barnevernet i kommunen har svak fagleg kompetanse.

Foto: Bård Siem / NRK

Vurderer samarbeid med Førde

Rådmann Øyvind Bang Olsen tek utspelet frå forskaren på alvor, men legg samtidig til at Naustdal har sett inn tiltak for å motverke ulempene ved at barnevernskontoret er lite.

Vi vurderer eit samarbeid med barnevernet i Førde og Gaular.

Øyvind Bang Olsen

– Vi jobbar mykje med våre eigne arbeidsmetodar. Vi jobbar også mykje saman med Fylkesmannen om å finne rette måten å gjere det på, og vi jobbar tverrfagleg. Eg vil også leggje til at det finst andre forskarar som seier at små barnevern når fleire barn og byggjer opp større kompetanse, seier han.

Men det finst mange døme på små kommunar som har slått saman barnevernet med nabokommunane. Kvifor skjer ikkje det i Naustdal?

– Det er eit tema som står på dagsorden også i Naustdal. Vi vurderer eit samarbeid meir Førde og Gaular, seier rådmannen.