Hopp til innhold

Forlengjer ikkje varetekt etter bombetrussel

Politiet vil ikkje krevje forlenga varetekt for sunnfjordkvinna (18) som i byrjinga av mars retta ein bombetrussel mot eit Widerøe fly.

webkamera

EVAKUERT: Flesland vart evakuert i timevis og fem fly måtte lande på andre flyplassar etter bombetrusselen.

Foto: Avinor Flesland

Bergen Lufthamn Flesland vart 3. mars evakuert og stengd i fleire timar etter trusselen.

Kvinna vart pågripen same kveld og tidlegare vore kritisk til politiet si handtering av saka .

Frykta gjentaking

Det var gjennom ei chatteside at kvinna skreiv at det var «plassert ei bombe i ein koffert på Widerøe sitt fly frå Bergen til Kristiansund som går klokka 19» . Då var ombordstiginga i gang.

Politiet meiner at kvinna har retta liknande truslar også tidlegare og meinte det var fare for gjentakingsfare.

Fengslingsperioden går ut no i påska, men politiet opplyser at dei ikkje vil krevje forlenga fengsling for kvinna.

Kritisk til politiet

Kvinna sin forsvarar, Odd Bovim, ynskjer ikkje å kommenter saka. Han har tidlegare vore kritisk til politiet si handtering av saka

Kvinna har erkjent å ha retta trusselen, men erkjenner ikkje straffskuld.

– Andre må finne ut av kva som kan vere ein riktig reaksjon for denne hendinga som til dømes medisinsk personell. Dei må heller vurdere dette og ikkje rettsapparatet, sa Bovim då kvinna vart framstilt for fengsling.