Hopp til innhold

Forhandla til klokka tre i natt, no er dei samde

FØRDE (NRK): Dei tre fylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland har vorte samde om å etablere eit nytt vestlandsfylke frå 2020. Det skal heite Vestlandsregionen.

Fylkesordførarane i Sogn og fjordane og Rogaland

NYTT FYLKE: Intensjonsavtalen er forhandla fram i løpet av natta og morgontimane, men alt er endå ikkje sikkert.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Det har vore ei lang natt, men partane vart samde om mykje, sa fylkesrådmann i Sogn og Fjordane Tore Eriksen då han la fram dei første punkta i intensjonsavtalen rundt klokka ti i dag.

Intensjonsavtalen er forhandla fram i løpet av natta og morgontimane, men alt er endå ikkje sikkert. Dei tre partane tek sikte på å signere avtalen i løpet av dagen, men før den tid er det framleis ein teoretisk sjanse for at alt kan havarere. Til sist skal det heile vedtakast i dei tre fylkestinga i løpet av hausten.

Det nye namnet på storfylket er Vestlandsregionen, og senteret skal liggje i Bergen. Her vil den politiske leiinga sitje, og også fylkesrådmannen med sine tilknytta funksjonar.

Jenny Følling i forhandlingar

INTENST: forhandlingane har vore intense, og det er framleis ein god del ting partane ikkje er samde om

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Funksjonar spreidde over heile fylket

Resten av funksjonane i det nye fylket skal spreiiast jamnt utover Vestlandet. Leiinga knytt til alt som har med næring og opplæring skal plasserast i Stavanger, det same skal ansvaret for kollektivtransport og idrett. Sogn og Fjordane får på si side ansvar for veg og kultur.

Dette tyder at hovudutvala i fylket skal plasserast slik, og også dei tilknytta direktørar og fagmiljø. Det er denne fordelinga som truleg inneber størstedelen av arbeidsplassane i det nye fylket.

Fylkesmannen er det i utgangspunktet berre staten som styrer med, men intensjonsavtalen sender sterke signal om at ein ny fylkesmann skal liggje i Sogn og Fjordane.

Det nye fylket vil bli ein samla valkrins, både i lokalval og stortingsval. I lokalvala skal det veljast 71 representantar til eit regionting som skal liggje i Bergen.

I stortingsvala er det mykje som endå er usikkert. Eit alternativ som fylkesordførarane vil drøfte med kommunaldepartementet er om det er mogleg å få til ei ordning der dagens tre fylke er sikra tre stortingsrepresentantar kvar. I ein slik situasjon vil dei resterande representantae verte valde samla i den nye, store valkrinsen.

Må ha tannhelse og regionmann

Sjølv om dei tre fylka no er samde om mykje, stiller dei visse krav til staten for å gå saman.

Dei er ikkje interesserte i å gå saman med mindre den nye regionen får tildelt den offentlege tannhelsetenesta, og at statens sine fylkesmenn også vert slått saman. Den nye "regionmannen" ønskjer dei å ha i Sogn og Fjordane.

Ingen skal seiast opp

Alle tilsette i dei tre fylkeskommunane får eit stillingsvern i fem år etter at det nye fylket vert oppretta, altså fram til 2025. Det tyder at i dei tilfelle der nokre vert overflødige, vil dei få tilbod om nytt, relevant arbeid i det nye fylket.

Trekløver på Sunnfjord hotell

TREKLØVER: fylkesordførar i Hordaland og Rogaland i diskusjon rett før intensjonsavtalen vart lagt fram

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Fjord1-pengar til investering

Økonomisk er det ikkje ei heilt likefordeling mellom dei tre fylka. Sogn og Fjordane er det fylket med klart best økonomi, medan Hordaland har den dårlegaste.

I frå fyrste januar 2020 vil alle pengar gå over til det nye Vestlandet fylke, men det er ikkje fritt fram dei neste åra av den grunn. Det vert etablert to fond somm vert kalla investeringsfond og disposisjonsfond for Sogn og Fjordane. Her skal mellom anna pengane frå Fjord1-salet setjast inn, og totalt kan dei fonda ende opp på to milliardar kroner før 2020.

Utgangspunktet for desse fonda er at Sogn og Fjordane har ein del utfordringar som dei to hine ikkje har, og at fylket har meir naturressursar enn Hordaland og Rogaland. Det vil endå ikkje bli klart korleis desse pengane skal nyttast, men det ser ut til å vere klart at fjordfylket med sine store verdiar får nokre særordningar.

Vil ikkje ha nynorsk

I intensjonsavtalen er det eit punkt som understrekjer nynorsken sin sterke posisjon på Vestlandet, men Rogaland motsette seg at målforma skulle vere hovudmål i det nye fylket.

– Nynorsk er viktig på Vestlandet, men for oss i Rogaland er det unaturleg om nynorsk skal vere hovudspråket, sa fylkesordførar i Rogaland Solveig Ege Tengesdal, som ser ut til å fått viljen si.