Hopp til innhold

Foreldra trudde 15-åringen låg heime og sov - men han var ute og køyrde bil...

Ein gut på 15 år vart i natt stoppa av politiet - åleine på køyretur i foreldra sin bil.

Naustdal

– Politiet kom over ein bil i Naustdal i natt som dei valde å kontrollere. Det synte seg at sjåføren var relativt ung. Det var ein gut på 15 år som hadde teke bilen til foreldra og var ute og køyrde, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Inge Værøy.

15-åringen var åleine i bilen då køyringa vart oppdaga i Naustdal sentrum.

Vart oppdaga tilfeldig

– Bilen vart observert av ei politipatrulje som var på veg gjennom Naustdal, og som då fann grunn til å kontrollere denne, seier Værøy.

Saka vil no bli formelt politimeld.

– Det vil bli gjort avhøyr i saka. Sjåføren vert meld for køyring utan gyldig førarkort, seier Værøy.

Foreldra trudde guten sov

Den unge mannen vart køyrt heim av politiet, og her vart foreldra vekte og fortalt om kva som hadde skjedd.

– Foreldra trudde at guten låg og sov på rommet sitt. Per no har vi ikkje grunnlag for å tru at dei var kjende med køyringa, seier Værøy.

Han understrekar at det er alvorleg at ein ung sjåfør, utan førarrett, er ute på norske vegar åleine.

– Det er alvorleg at ein ikkje følgjer dei reglane som finst, også på dette området, seier Værøy.