Hopp til innhold

Foreldra føler seg overkøyrde

Nedlegginga av Rygg skule i Gloppen vert klaga inn til fylkesmannen.

Rygg skule

Foreldra ved Rygg skule føler seg overkøyrde og vil ha vedtaket om nedlegging omgjort.

Foto: Steinar Lote / NRK

Kommunestyret i Gloppen gjekk i mars inn for å leggje ned skulande på Rygg, Vereide og Reed frå hausten av.

Elevane ved Rygg skule er planlagt overført til Sandane.

Kort tid etter vart det etablert privatskule på Rygg.

Men foreldra ved Rygg skule kjenner seg overkøyrde og tvinga ut av den offentlege skulen.

Difor har dei no klaga vedtaket om nedlegging inn for fylkesmannen.

Foreldra er svært kritiske til saksframstillinga frå rådmannen og meiner kommunen ikkje har følgt gjeldande reglar.

Dei ber fylkesmannen å sjå på om vedtaket er lovleg og om at vedtaket vert oppheva.