Hopp til innhold

Karoline (16) tok dobbelt NM-gull i rulleskiskyting

To gull av to moglege. Under NM i rulleskiskyting i helga opplevde Karoline Erdal frå Førde eit nytt høgdepunkt i karriera.

Karoline (16) tok dobbelt NM-gull

DOBBEL TRIUMF: Karoline Erdal (18) frå Førde (i rosa) toppa pallen begge dagane under NM i rulleskiskyting i Steinkjer i helga. Laurdag vart det gull på sprintdistansen, medan ho søndag heldt unna for konkurrentane på jaktstarten.

Foto: Irene Skilbrei / Privat

Alle dei beste skiskytarane i landet, inkludert seniorar som Emil Hegle Svendsen, Tiril Eckhoff og Bø-brørne, var i helga samla i Steinkjer for å gjere opp om NM-medaljane i rulleskiskyting.

Karoline Erdal gjorde reint bord i klassen for kvinner 18 år, med gull på både sprint og jaktstart. Førdejenta seier det var det ei stor oppleving.

– Eg har vunne NM før, men aldri blitt dobbelt meister. Det er sjølvsagt stort og noko eg må ta med meg vidare, seier ho.

Eit høgdepunkt i karrieren

Erdal rangerer prestasjonen som ein av dei største til no i karrieren, saman med det første NM-gullet og andreplassen i Alpencup i Pokljuka i vinter.

– Men det var berre eitt renn. Det her var to renn og eg vann begge dagar. Så det er absolutt stort for meg, seier førdejenta.

Grunnlaget vart lagt laurdagen. Då kneip ho førsteplassen med knapp margin, føre Kristina Skjevdal frå Røros.

– Eg prøvde å disponere løpet slik at eg hadde litt å gå på viss det skulle bli sekundstrid. På sisterunda fekk eg vite at eg var to sekund bak teten. Då gav eg vel eigentleg berre det eg kunne for å ta dei igjen og det klarte eg akkurat. Så det var ein herleg følelse, seier Erdal.

Trass i at dei sparte kreftene, kosta det å presse kroppen midt i det som er ein tung treningsperiode.

– Eg hadde det ganske vondt når eg gjekk opp den første bakken på den siste runda. Då var det godt å sjå at det faktisk lønte seg å gå heilt i kjellaren, seier Erdal.

– NM er NM

I dag heldt ho greit unna for konkurrentane på jaktstarten. Pallen vart den same, men denne gongen var det Une Kvelvane frå Voss som tok andreplassen.

Det at sigrane vart kapra med rulleski på beina, tek ikkje vekk noko av glansen frå NM-medaljane, seier Erdal. Gull smakar godt uansett.

– Det er klart, skiskyting er ein vinteridrett. Men NM er NM og alle dei beste stiller, også blant seniorane. Så du kan ikkje seie at det ikkje betyr like mykje, seier ho.

Samstundes er dette eit perfekt tidspunkt å få ein peikepinn på korleis forma ligg an inn mot vinteren. For Erdal er det ei stor lette å sjå at alle treningstimane i sommar har gjeve utteljing.

– No veit eg at eg ligg der eg skal. Eg ser at dei andre har jobba bra, men eg har jobba minst like bra, seier ho.