Hopp til innhold

No står den eine bana snart klar, men trenaren har ikkje bestemt seg

Den eine av dei to fotballbanene på Hafstad Idrettspark i Førde står snart klar. Førde-trenar Knut Erik Folland er mektig imponert over arbeidet som er lagt ned, men har førebels ikkje bestemt seg for om han held fram i jobben.

Kunstgras på Hafstad Indrettspark

SNART KLARE: Den eine av dei nye fotballbanene på Hafstad Idrettspark i Førde står klar i starten av desember. Biletet er teke 24. oktober i år.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Mange har i haust kryssa fingrane for at dei nye fotballbanene i Førde skal bli ferdige. Dei siste vintrane har elendige treningsforhold på heimebane sendt førstelaget ut på reise for å ha trening, ein situasjon verken klubbleiinga eller herretrenaren har vore spesielt begeistra for.

Trass i at vêrgudane gong på gong har stukke kjeppar i hjula for framdrifta, ser det no ut til at den eine bana skal stå ferdig til desember.

– Vi skal gjere det siste arbeidet dei neste to vekene og reknar med at bana er bruksklar frå første desember, seier Håkon Fimland som er prosjektleiar for idrettsparken i Førde kommune.

Frykta ein ny vinter utan baner

For litt over ein månad sidan kunne herrelaget til Førde endeleg sleppe jubelen laus. Etter 2–0 siger over Tornado Måløy var dei endeleg sikra opprykk til 2. divisjon.

Men bak jubelscenene har det vore ei viss uro for treningsforholda til laget. Førstelaget har fleire vintrar måtte reise land og strand for å få trene. Banene i Førde har nemleg vore så dårlege at det ikkje har gått an å trene der.

Men sist vinter skulle etter planen bli den siste med elendige treningsforhold. To nye baner med undervarme på Hafstad Idrettspark er noko Førde-fotballen har lengta etter.

Snart klare med eine bana

Men arbeidet har slett ikkje gått som planlagt. Det tidlege snøfallet i slutten av oktober sette ein stoppar for arbeidet og lenge såg det mørkt ut. Men arbeidsfolka stod klare og slo til då vêret betra seg.

Den første helga i november fekk dei gjort det meste som stod att, på den eine bana.

– Vi er delvis ferdige med ei bane. Det som står att er montering av lys og det å kople på undervarmen, seier Fimland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Knut Erik Folland

IKKJE BESTEMT SEG: Førde-trenar Knut Erik Folland er mektig imponert over arbeidet som er lagt ned med dei nye banene. Men om han skal trene Førde til neste sesong er framleis usikkert.

Foto: Alf Vidar Snæland/NRK

Må vente til våren

På den andre bana må dei framleis ha ei veke med godvêr før dei kan leggje på eit lag med sand og gummikuler.

Sidan vi no er kome til midten av november og det verkar regne utan stopp, trur ikkje prosjektleiaren at sjansane er spesielt store.

– Vi er vel inneforstått med at vi må vente til våren før vi har fått ferdigstilt begge banene, seier Fimland.

– Heilt fantastisk

Ein av dei som har følgt framdrifta med fotballbanene spesielt tett er Førde-trenar Knut Erik Folland. Han sa tidlegare at han ikkje ville halde fram som trenar om ikkje treningsforholda for laget vart betre. I dag seier han til NRK.no at han er mektig imponert over arbeidet som har blitt lagt ned.

– Det er heilt fantastisk. Eg må verkeleg få skryte av dei som har jobba på for å få dette til, seier han til NRK.no.

Har ikkje bestemt seg

Folland seier han førebels ikkje har bestemt seg for om han skal halde fram som Førde-trenar, men understrekar at det no ikkje lenger er treningsforholda det står på.

– Vi er nær ein avtale, men eg har ikkje skrive under, seier han og fortel at ei endeleg avgjerd vil kome snart.