Førde er tilbake på tabelltoppen i 3. divisjon avdeling 8 etter overbevisande åttemålssiger borte mot Bergen Nord.
– Eg tykkjer vi har stålkontroll heile vegen. Vi skaper utruleg mykje og spelar til tider fin fotball. Det både kunne og burde vore meir, seier Kristian Fardal Opseth.
Scora fire mål
Sjølv putta han fire mål. Det eine eit skot frå hjørnet av 16-meteren, det andre ein enkelt «tap-in» etter godt forarbeid av Tobias Evebø og Christoffer Hafsås.
– Det tredje var eit innkast som eg stussar i mål, medan det siste kom etter innlegg frå Eirik Flatjord der eg vender vekk motstandar og set ballen i motsett hjørne for keeper, fortel han.
– Vi er gode
I tillegg scora Thor Jørgen Spurkeland og Christoffer Hafsås scora to mål kvar i kampen der Førde gjekk til pause med tomålsleiing.
– Vi er gode og vinn ballen att med ein gang heile vegen. Eg er faktisk usikker på om dei hadde ein sjanse, seier Fardal Opseth og held fram:
– Eg hadde sjølv fleire store sjansar som eg brenn, men slik er det. Når vi scorar åtte mål så må vi nesten vere nøgde med det.
Måtte ta tak etter Vik
Førde leiar serien med fire sigra og 12 poeng. Målskilnaden er imponerande 21–5. Sesongens så langt einaste tap kom mot Øystein Myrkaskog og overraskingslaget Vik.
– Ein kan vel kanskje kalle det arbeidsuhell, men også der skaper vi nok sjansar til å vinne. Diverre er vi for ineffektive framfor mål, men eg tykkjer vi svarte godt etter kampen, seier han.
– Vi tok litt tak og gjekk i oss sjølve, seier han.
Truleg Førde ut året
Kaupanger-spissen som er utleigd til Førde fram til sommaren. Med sesongen berre fem seriekampar gammal, er han allereie oppe i åtte scoringar. Det meste tyder også på at dei opprykksjagande sunnfjordingane får behalde målmaskina.
Som inntil for få år sidan var heilt ute av fotballen på grunn av sjukdom.
– Eg er på lån til sommaren, så får vi sjå kva som skjer etter den tid. Eg har fått tilbod om å vere med vidare, og slik det ser ut no kjem eg til å forlengje, avsluttar han.
Andre resultat 3. div. menn:
- Voss - Sotra 2-1
- Florø - Stryn 4-0
- Radøy/Manger - Vik 3-3
- Eid - Tornado Måløy 1-1
- Årdal - Øystese 3-2