Hopp til innhold

Førde klare for sin fjerde strake cupfinale

Cupfinalen i volleyball over nyttår blir reprise frå Førde sin aller første cupmeisterskap.

Trenar Marcin Lubiejewski

FINALE: Trenar Marcin Lubiejewski (i midten) har leia Førde VBK til sin sjette cupfinale.

Foto: Rune Fossum / NRK

Førde er klar for sesongens cupfinale i volleyball. Det er klart etter at sunnfjordingane tukta serieleiar Koll, med tidlegare Førdespelarar Geir Eithun, med 3-0 (25-12, 25-20, 25-21) i Førdehuset.

I finalen 18. januar heiter motstandaren Tromsø, laget som Førde overraskande slo 3-1 i cupfinalen i 2007. Tromsø vann 3-0 (25-11, 25-13 25-27) over Oslo Volley i dagens andre semifinale.

Dermed er Førde klar for sin fjerde strake cupfinale. Dei to siste finalane har dei tapt for Nyborg - laget dei i år sendte ut i semifinalen.

I kveldens oppgjer i Førdehuset vart Lars Fredrik Tvinde kampens mest verdifulle spelar med 14 poeng.

Geir Eithun og Henrik Lauten vart gjestenes mest verdifulle spelarar med ti poeng kvar.