Hopp til innhold

For mange fosterheimsbarn bur med framande

Under ein fjerdedel av barn i fosterheim bur hos folk dei kjenner. Ikkje godt nok, meiner Bufetat.

Barnevern

AUKANDE BEHOV: Talet på barnevernsbarn stig, og det er stadig behov for fosterheimar. Då er det best om ein kan finne fosterheimar i slekt eller hos andre kjende, meiner Bufetat. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Totalt budde 11.198 barn i fosterheim ved årsskiftet i fjor.

Å plassere fosterheimsbarn hos slekt eller anna kjennskap skal ha høg prioritet. Men erfaringa til Bufetat er at det er store variasjonar mellom kommunane i kva innsats som blir lagt ned for å få dette til.

– Eg synest kommunane skulle prioritert dette høgare, og satsa i mykje større grad for å få til ei god og grundig kartlegging, seier Berit Haaland i Bufetat region vest.

Store skilnader

Medan talet fosterheimsbarn hos slekt eller nettverk er ein av fire på landsbasis, varierer det i stor grad mellom fylka. Best ut kjem Troms, der 29,1 prosent av fosterheimsbarna bur hos kjende. På delt andreplass kjem Hordaland, Møre og Romsdal og Vest-Agder.

Nord-Trøndelag og Hedmark kjem dårlegast ut, med høvesvis 17,8 og 18,9 prosent. Sogn og Fjordane er også blant dei dårlegaste, og åtte av ti fosterheimsbarn bur her hos framande.

Veronika Løveng-Hansen

IKKJE NØGD: Nestleiar Veronika Løveng-Hansen i Landsforeininga for barnevernsbarn. (Arkivfoto)

Foto: Jan Riise Pedersen / NRK

Dette er ikkje godt nok, meiner nestleiaren i Landsforeininga for barnevernsbarn.

– Du må starte på nytt med å få vener. Du må begynne på ny skule og du må få nye fritidsaktivitetar. I ein slektsfosterheim så har du allereie ein relasjon, seier Veronika Løveng-Hansen.

– Mindre dramatisk overgang

Barnets beste er viktigast, men oftast er det best å bu hos slekt og kjende, meiner ho.

– Då vil eg tru prosessen blir lettare for barnet. Du slepp tilknytingsperioden, fordi du allereie kjenner dei du skal til. Det blir ein lettare overgang.

For det er ein dramatisk situasjon å måtte flytte frå dei biologiske foreldra, seier Berit Haaland i Bufetat.

– Viss dei kan bli verande hos omsorgspersonar som dei kjenner frå før, så vil flyttinga bli mindre dramatisk enn om dei må flytte til heilt ukjende personar, seier ho.

Har sterkt fokus på dette

Det er barnevernet som har ansvar for å skaffe fosterheimsbarn ein ny heim hos slekt eller nettverk. Barnevernsleiar i Årdal kommune, Hadle Blikra, vedgår at kommunane ikkje er flinke nok.

Hadle Blikra

KAN BLI BETRE: Det seier barnevernsleiar i Årdal kommune, Hadle Blikra. (Arkivfoto)

Foto: Ida Brevik

– Vi har alltid eit utviklingspotensial i høve til å gjere ein grundigare jobb med utgreiing, og å sjekke ut om det finst aktuelle fosterheim i slekt og nettverk. Der kan vi nok heilt sikkert bli flinkare, seier han.

Og dei har sterkt fokus på det, lovar han, akkurat slik som Bufetat etterlyser.

– Hos slekt får ein både kontinuitet i høve til viktige omsorgspersonar og vaksne i barnet sitt liv, og ein får ein stabil og trygg omsorgssituasjon for barnet, seier Haaland.

Nesten åtte av ti barn som ikkje kan bu heime bur i fosterheimar, men behovet for fosterheimar aukar stadig.