Hopp til innhold

For mange båtar på Nærøyfjorden

Auka fjordturisme i Nærøyfjorden er i ferd med å øydeleggje viktige kulturminne på land.

Nærøyfjorden
Foto: Cosmin Cosma / NRK

I år vil kring 350 000 menneske vitje verdsarvområdet i Sogn. Dei fleste nyttar båt for å sjå den verdskjende Nærøyfjorden.

Medan bonde Svein Tufte møter strenge vernereglar når han vil drive næring, er derimot båttrafikken lite regulert trass i at bølgjer kvart år skadar kulturminne i strandsona.

– Det er eit paradoks, seier han.

Murar rasar ut

Seks år etter at Nærøyfjorden kom på UNESCO seie verdsarvliste, går stadig fleire båtar går forbi garden hans midt i den vakre og verdskjende fjorden. Tufte ser med sorg på det som skjer i strandsona.

For medan dei hundretusenar av turistar som er venta inn gjennom fjorden sit att med inntrykk av idyll og vill natur, ser dei fastbuande dagleg følgjene av å vere verdskjende. Naust, gamle ferdselsvegar og slåttemark har fått skade.

– Eg har over 100 år gamle murar, som vart sett opp med handkraft, og som no er i ferd med å rase i fjorden. Eg har fått det kostnadsrekna til 150 000 kroner dersom eg skal reparere det. Og det har ikkje eg råd til, seier han.

Oppsynet uroa

Statens Naturoppsyn har følgd utviklinga tett, og har brukt store summar på vedlikehald i området. Kristoffer Ullern Hansen vedgår at han er uroa for framtida.

– Jo fleire båtar som går inn og ut, dess meir bølgjer blir det og jo meir erosjon blir det, seier han.

– Er det urovekkjande?

– Dersom det held fram å auke, så kan det bli eit større problem enn det er no, ja.

Store bølgjer

Forvaltningsansvaret ligg hos fylkesmannen, og dei har allereie sett i verk reglar som syter for at båtar må køyre med redusert fart i delar av fjorden.

Tufte seier båtane er blitt mykje flinkare til å halde fartsgrensene enn før, men at det ikkje er nok.

– Spesielt desse små charterbåtane lagar problem. Dei brøyter halve fjorden føre seg og lager nokre forferdeleg bølgjer. Eg skulle gjerne sett den same trafikkmengda, men då på større farty slik at det førte til færre avgangar, seier han.

Vil ikkje nekte

Reiselivssjef i Aurland, Noralv Distad, ser det som uaktuelt å nekte båtar å gå inn Nærøyfjorden.

– Det vil vere eit relativt sterkt inngripen. Dei som driv båtane har investert i båtane for å drive forretning i området, så eg kan ikkje sjå det realistisk å seie at nokon båtar ikkje har høve til å gå der, seier han.

Lite blir gjort

Heller ikkje dei fastbuande sitt ynskje om å utvide området med nedsett fartsgrense, ser ut til å bli høyrt.

Fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal er klar over problemet, men lite vil bli gjort.

– Samstundes så er det ein ganske tung prosess å endre regelverket for eit verneområde. Det må vedtakast av Kongen i statsråd, så eg trur nok først og fremst ein bør leggje vekt på den informasjonen som er, seier han.

– Kan bli for mange

Og sjølv om Tufte også gler seg over at mange vil besøkje heimeområde hans, fryktar han at det til slutt kan bli for mange turistar på fjorden

– Det kan jo komme dit hen, men det er no berre slik at fjorden er fri for alle og det er vel ikkje så mykje ein kan gjere med, seier bonden.