Hopp til innhold

Folket rundt fjorden vil ikkje ha gruvedrift

Fleirtalet av dei som bur rundt Førdefjorden er mot gruvedrift i Engebøfjellet.

Fleirtalet rundt Førdefjorden er mot gruvedrift, syner ei meiningsmåling Norstat har gjort for NRK.

SJÅ TV-SAK: Frå Vestlandsrevyen onsdag 10.12.2014. Reporter: Sindre Sunde Tveit. Foto og redigering: Stine Kyrkjebø Johansen.

Norstat har på oppdrag frå NRK Sogn og Fjordane spurt over 300 personar i kommunane Førde, Naustdal, Askvoll og Flora. 61 prosent er mot gruvedrift, 39 prosent for.

Sidan 2007 har gruveselskapet Nordic Mining jobba for å få starte opp gruvedrift med mineralutvinning i Engebøfjellet i Naustdal.

Forureining versus arbeidsplassar

Nordic Mining ønskjer å utvinne 200 millionar tonn rutilmalm over ein periode på 50 år. Gruveavfallet skal dumpast i fjorden, noko som gjer prosjektet svært omstridd.

Forkjemparane har ofte argumentert med mange nye arbeidsplassar, og tala dei har lansert har variert frå 170 til 500. Motstandardane har ofte argumentert med at dumpinga av overskotsmasse vil forureine og skade livet i fjorden.

At skiljelina går mellom vekst og miljø, også blant folk flest, kjem tydeleg fram av meiningsmålinga.

Blant dei som er for gruvedrift seier 71 prosent at arbeidsplassane er ein viktig grunn. Blant motstandardane seier 57 prosent at forureining og fiskelivet i fjorden gjer at dei er mot gruvedrift.

Store skilnadar mellom kjønna

I meiningsmålinga kjem det også fram store skilnader mellom menn og kvinner.

Blant menn ønsker eit fleirtal på 52 % gruvedrift.

Blant kvinner er motstanden stor: 75 %, eller 3 av 4 kvinner, er mot gruvedrift.

Ei avgjerd framleis i det blå

Etter at Miljødirektoratet tidlegare i haust sa nei til gruvedrift, var det venta at Klima- og miljødepartementet og nærings- og fiskeridepartementet skulle kome med sine utsegner i saka 21. november. Det gjorde dei ikkje, for fristen vart forlenga på ubestemt tid.

Til sjuande og sist er det opp til kommunal- og moderniseringsdepartementet å ta stilling til reguleringsplanen for Engebøfjellet, og avgjere om det vert gruvedrift i Vevring eller ikkje.

Feilmarginen på spørsmålet om folk er for eller mot gruvedrift er på mellom 2,5 og 5,8 prosent.