Hopp til innhold

Folkefesten er i gang i Florø

Ein smekkfull idrettshall er i full Melodi Grand Prix-stemning i Florø. No brakar det laust.

Hanna Kvamme frå Vågsøy på scena.

VARMA OPP: Hanna Kvamme frå Vågsøy var mellom dei heldige MGP Lokal-vinnarane som fekk opptre framfor 3 000 publikumarar i Florø.

Foto: Rune Fossum / NRK

Programmet har allereie halde på ei god stund for dei kring 3 000 publikumarane i kystbyen. Og meir skal det bli utover kvelden.

Det som starta med dei beste aktørane frå MGP Lokal, går i 20-tida over til delfinalen i den norske Melodi Grand Prix.

Melodi Grand Prix i Florø.

KLARE: Programleiarane Anne Rimmen og Per Sundnes klar for å leie det norske folk gjennom delfinale 2 i MGP.

Foto: Rune Fossum / NRK