Berre i Førde trossa over 1000 personar regnvêret for å syne sin motstand mot endringane som regjeringa vil gjere arbeidsmiljølova.
– Dette er ein landsomfattande aksjon. For første gong i historia så samarbeider alle arbeidstakarorganisasjonane, YS, UNIO og LO, seier distriktssekretær i LO i Sogn og Fjordane, Nils P Støyva.
Støyva var på plass i Førde, men det var markeringar også 15 andre stadar i fylket. Blant anna i Årdal der var samla mellom 150 og 200 streikande.
– Denne endringa rokkar ved kjernen i norsk arbeidsliv. Denne endringa vil gjere det vanskelegare å kombinere familie og arbeidsliv. Det vil bli færre faste tilsette og store utskiftingar, sa fylkesleiar i Arbeidarpartiet og hovudtillitsvald i Hydro, Hilmar Høl i sin appell.
I Førde held Gunn Margit Haugsbø frå Utdanningsforbundet appell.
– Arbeidsmiljølova er ei vernelov. Dei endringsforslaga som ligg her dei vil forskyve makt ifrå den nordiske modellen med tre partssamarbeid der ein finn gode løysingar saman til ein situasjon der arbeidsgjevaren har større makt.
– Det meiner vi er svært uheldig. Det svekker maktkonstellasjonane i arbeidslivet. Det er uheldig for arbeidstakarane men og uheldig for det norske samfunnet.
– Eg trur det hjelper, eg håpar regjeringa no tenker seg om og tar seg ein pust i bakken og vurderer dei innspela dei får frå 1,5 millionar arbeidstakarar i dette landet. 35 000 berre her i fylket. Dette må dei lytte til, seier Støyva.