Hopp til innhold

Folk i Hyllestad vil ha samanslåing

Ein tredjedel av innbyggjarane i Hyllestad ynskjer å stå åleine. Resten ynskjer å slå seg saman med andre kommunar

Vallokale i Hyllestad

SEIER JA: To tredjedelar av innbyggjarane i Hyllestad ynskjer kommunesamanslåing.

Foto: Morten Askvik

Eit knapt fleirtal ynskjer å slå seg saman med Askvoll, Fjaler og Solund.

Deretter kjem alternativet med ein Sognefjordkommune med Balestrand og Høyanger.

Laster innhold, vennligst vent..
Morten Askvik

UKLART: Ordførar Morten Askvik (Sp) konstaterer at politikarane har ein veg å gå før dei kan bestemme seg om dei skal inn i storkommune eller ikkje.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Det er slik at nei, har fått det største enkeltresultat, men to tredelar har sagt ja til ei eller annan samanslåing. Her må nok det politiske miljøet både tenkje og snakke saman ein del før vi kan konkludere, seier ordførar Morten Askvik (Sp).

I alt 599 personar leverte sitt råd til politikarane under dagens folkeavrøysting. Av desse vart to røyster blanke, medan ei røyst vart forkasta. Oppslutnaden var 49 prosent.

Askvik skulle gjerne sett ein høgare oppslutnad.

– Det er ikkje så mange som eg drøymde om eller ynskte, men heller ikkje så få som eg frykta, seier han og konkluderer med at det einaste som er klart, er at mykje framleis er uklart.

– Slik eg tolkar stemninga no så konsensus at må tenkje oss om og ha samtalar og samrå oss før vi konkluderer, seier han.

Sjekk resultata frå alle folkerøystingane og innbyggjarundersøkinga i dei andre kommunane her.

Folkeavstemminga om kommunesamanslåing (Sogn og Fjordane)