Hopp til innhold

Saman med 100 andre heia mamma og pappa fram Ann Kristin frå ungdomshuset

Nærare 100 personar hadde møtt opp for å heie fram Ann Kristin Flatland sitt første løp under OL i Sotsji. Av dei frammøtte var også mamma og pappa, Ragnhild og Hallvor Flatland.

Fullt hus i Vik

FULLT HUS: Oppunder hundre vikjer hadde møtt opp i ungdomshuset Vikjahalli for å heia fram sambygdingen Ann Kristin Aafedt Flatland under skiskyttarsprinten i OL.

Foto: Noralv Pedersen

– Det var ein veldig tett og jamn konkurranse, der ho ikkje hadde råd til den bommen som kom. Eg såg ho var skikkeleg sliten, så ho tok nok ut alt det ho var god for, seier far til Ann Kristin Flatland, Halvor Flatland.

Saman med nærare 100 frammøtte følgde han og kona, Reidunn Flatland, den 7,5 kilometer lange sprinten under OL, frå Vikjahalli, ungdomshuset i Vik. Med ein bom på siste ståande skyting enda Ann Kristin til slutt på ein 24. plass. Dermed går ho ut eit minutt og tre sekund bak vinnaren Anastasija Kuzmina på jaktstarten tysdag.

Sjå korleis stemninga var under første skytinga til Ann Kristin:
(artikkelen held fram under videoen. Video: TV2/Noralv Pedersen NRK)

Første skyting sprinten OL Ann Kristin Flatland

– Eg trur det blir litt stor avstand fram på jaktstarten, ho er nok litt langt bak, seier faren.

Kjekkare å vere saman med andre enn å sitje i kjellarstova

I Vikjahalli hadde Vik IL skiskyting, Vik kommune og Team Flatland skipa til framsyning av løpet på storskjerm på TV2. Mange av dei frammøtte var unge frå det blomstrande skiskyttarmiljøet i kommunen.

– Det er kjekt å vere samla og sjå eit slikt løp saman. Vi er veldig glade for at foreldra til Ann Kristin ville dele denne stunda med oss, det er ikkje sjølvsagt, seier leiar i skiskyttargruppa i Vik, Jorunn Åsfrid Røyrvik.

For foreldra til Ann Kristin er det blitt ein vane å følgje med på nervepirrande skytingar.

– Vi er spente begge to, eg er gjerne litt meir spent enn Reidun. Eg syns det er greitt å vere her med dei andre. Det er betre enn å sitte i kjellarstova og skrike, seier Halvor Flatland.

– Ein flott ambassadør for Vik

Og i ungdomshuset var stemninga spent. Ungane hadde laga til plakatar med heiarop for Ann Kristin. Dei var elles utstyrte med norske flagg som dei vifta med under løpet. Spenninga var stor før skytingane, med store forhåpningar etter fullt hus på fyrsteskyting. Bommen på det siste skotet på den ståande skytinga blei difor ein nedtur for dei frammøtte.

– Det er stort å ha ein OL-utøvar frå Vik. Det er vi veldig kry av Ann Kristin, som er ein god ambassadør for Vik. At det kjem så mange seier noko om interessa og engasjementet, seier Røyrvik.

Foreldra til Ann Kristin har stilt opp i mange år, ikkje berre for si eiga dotter, men for heile skiskyttarmiljøet i bygda.

– Vi har vore med på det meste. Dei første åra fram til ho vart junior var dei viktigaste. Dei siste ti åra har vi hausta glede og hatt mykje moro, seier Flatland.

Full støtte frå dei unge skiskytartalenta i Vik

STOR STEMNING: Unge lovande skiskytarar frå Vik klare til å heia på Ann Kristin Aafedt Flatland: Håkon Ruud Solberg (f.v.), Per Anders Indrehus, Anne Birthe Rinde, Alette Espeland Aase, Synne Ming Fosse, Erling Finden, Ingeborg Indrehus, Amund Ruud Solberg, Jon Bjarte Rinde, Solveig Brudevoll og Elida Espeland

Foto: Noralv Pedersen

Alt kan skje på jaktstarten

Dagens resultat legg grunnlaget for ein spanande jaktstart på tysdag. Far til Ann Kristin er redd det blir vel langt fram for dottera, men seier at alt kan skje.

– Det blir mykje bom på ståande skyting, og eg er sikker på det blir eit skikkeleg hardkøyr der oppe i høgda i Sotsji. Skytinga kan spele ei rolle. Det blir nok for langt fram til medaljane, men det er berre ei strafferunde fram, så er ein gjerne oppe blant dei beste.

Sjå korleis stemninga var under andre skyting:
(artikkelen held fram under videoen Video: TV2/Noralv Pedersen NRK)

Created by InfoDispatcher

Ann Kristin tok sin andre verdscupsiger tidlegare i år, og faren trur den komande jaktstarten kan bli eit godt løp.

– Løp nummer to er ofte det beste for ho i slike meisterskapar. Då ho vann i Oberhof var det på andre løpet, og då ho vann i verdscupen i år var det også på andre løpet, så eg trur vi kan forvente eit godt løp.

Likevel trur han medaljesjansen er størst på stafetten.

– Stafett er stafett som ein seier, men der er i alle fall damene av tre-fire favorittar til å ta medalje. Laget til mixed-stafetten er ikkje teke ut enno, og resultata tysdag spelar nok inn der.

Han trur ikkje dottera vil dvele for lenge ved dagens svake resultat.

– Det siste skotet slapp ho nok litt for kjapt, ho gjer det av og til, og det er ho nok litt skuffa over. For ho er det viktig å sjå framover no, og det er lenge igjen av OL.