Hopp til innhold

Sandanejente og J19-laget klare for semifinale

Med uavgjort eller siger mot Skottland ville Sigrid Heien Hansen og det norske J19-laget nå semifinalen i EM på heimebane.

Sigrid Heien Hansen under J19-EM

EM: Sigrid Heien Hansen frå Sandane og det norske J19-landslaget er klare for EM-finale på heimebane!

Foto: Thomas Brekke Sæteren, NFF

Og det var aldri nokon tvil: Norge knuste Skottland heile 5-0.

Sigrid Heien Hansen frå Sandane spelte første omgang av kampen.

Viktigaste kamp

Før kampen var det ein spent, men fatta 19-åring som prata med NRK.

– Nervane er rolege og under kontroll, men når eg tenkjer på kva som skal skje og kva som ventar så får eg spenning i kroppen, seier midtbanespelaren.

Før siste kamp i gruppespelet er Norge på andreplass i puljen si. Men tap for Skottland vil sende dei ned på tredjeplass og hovudstups ut av meisterskapen på heimebane.

Skulle derimot Norge gå sigrande ut av kveldens oppgjer på Sarpsborg stadion, blir truleg målskilnaden avgjerande for om det er Norge eller Nederland som vinn pulje A.

– Det er ein skjebnekamp. Vi må ta eitt, men så er det slik at vi har lyst til å køyre på og vinne. Ein vil alltid vinne kampar, seier Heien Hansen.

– Er det den viktigaste kampen du har spelt?

– Ja, det vil eg seie. Men også førre kamp, mot Belgia, som vi måtte vinne var viktig.

Vanskeleg kamp

Sandane-jenta er klar på at kveldens oppgjer blir alt anna enn enkelt. Mot Nederland var nordmennene prega av nervar og var upresise i det dei gjorde.

Skulle det skje også mot Skottland, kan Norge bli langt hardare straffa enn mot nederlendarane.

– Skottland viste mot Nederland at dei har veldig god moral. Dei låg under 0-3, men henta inn att til 2–3 og kjempa til siste minutt. Dei er hardtarbeidande og gode på kontringar. Skal vi vinne, så må vi verkeleg vinne krigen, seier ho og ser på Skottland som eit meir offensivt lag enn puljeleiar Nederland.

Stolt over Norge

Heien Hansen seier det har vore ei stor oppleving å få ta del i meisterskapen i Norge. Dei har spelt for kring 1.500 tilskodarar både mot Nederland og Belgia, og Sandane-jenta har så langt starta alle kampane for Norge.

– Ser ein vekk frå dei siste ti minutta mot Belgia, då eg måtte ut med skade, så har eg spelt alt. Dette har vore store veker for meg, seier ho stornøgd over å ha fått ei sentral rolle på det norske laget.

– Det er spesielt med EM på heimebane, og eg er stolt over Norge både som vertsnasjon og lag. Arrangørane har fått til ei god og profesjonell ramme rundt kampane, seier ho.

Trur på gull

Semifinalane blir spelt torsdag i Mjøndalen og på Jessheim. Sjølve finalen blir spelt søndag klokka 18 på Ullevaal stadion. Der både trur og håpar Sandane-jenta at dei norske fargane blir å sjå på grasmatta.

– Sidan vi starta førebuinga i oktober, så har vi hatt 27. juli på tavla vår. Vi har arbeidd hardt mot dette, og eg meiner vi er gode nok til å stå i finalen og ta gull, seier Heien Hansen.

– Men det er klart, at då må alt sitte. Det som er skummelt med meisterskap, er at det blir alt eller ingenting, avsluttar ho.