Video Følg finalane i Norgescupen i klatring - Foto: Nyhetsspiller /

FØLG KLATRINGA: Klatrekonkurransen blir streama av vidaregåande elevar ved medielinja i Sogndal.

Følg norgescupen i klatring

Norgescup-klatringa er ein tauklatringskonkurranse som skjer laurdag.

Veggen i Sognahallen er ein av Noregs største med ei flate på 750 kvadratmeter. Den er 18 meter høg og 25 meter lang. I tillegg har den det brattaste overhenget i ein norsk innendørsvegg. Og det er nettopp her landets beste skal få bryne seg.

Det blir konkurrert i seks klassar: Herre senior, dame senior, yngre gutar, yngre jenter, eldre gutar og eldre jenter.

Kvalifiseringa byrjer 09.00 og du kan følgje den direkte her. Det blir klatra fortløpande med opp til 6 klatrarar i veggen samstundes. Kvalikrutene går på «flash», det vil seie at klatrarane får sett nokon testklatre ruta før dei sjølv skal klatre ho.

Finalane byrjer klokka 17.00. Her blir det klatra ein og ein i ein såkalla «onsight»- situasjon. Det vil seie at klatrarane må sitje i isolat og ikkje får sett dei andre klatre ruta.

Den som kjem lengst opp veggen er vinnar, uansett om dei ikkje toppar ut ruta.

Klatrekonkurransen blir streama av vidaregåande elevar ved medielinja i Sogndal.

På Sunnfjord museum i Førde ligg det lagra over 13000 gamle gjenstandar. Men både dei tilsette og styret uroar seg over lagringstilhøva. I verste fall kan eldgamal kulturhistorie bli øydelagt.
Olden i Nordfjord er ein liten cruise-destinasjon, men tek imot store skip. 
To av verdas største cruiseskip ankra opp i morgontimane i dag, og tusenvis av turistar strøyma i land....
Tysdag 22. mai låg to av verdas største cruiseskip i Olden.