Hopp til innhold

Spennande dag for vegval om E39 - følg møtet direkte i nett-TV

I dag kjem samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) på besøk til Nordfjord og Sunnmøre før han skal ta den endelege avgjerda om kvar E39 skal gå i framtida.

Spennande dag for E39-vegval. Følg møtet direkte i nett-TV.

SJÅ DIREKTE: Spennande dag for E39-vegval. Følg møtet direkte i nett-TV. Illustrasjonen syner eitt av fleire alternativ for korleis LMG Marin ser for seg ei flytebru over Nordfjorden kan sjå ut.

Ketil Solvik-Olsen (Frp)

KJEM PÅ BESØK: Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) kjem på besøk til Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Foto: Dag Aasdalen / NRK

Jon Aasen

VIL HA INDRE: Fylkesordførar i nabofylket, Jon Aasen (Ap), reknar med at den indre traseen blir valt.

Foto: Trond Vestre / NRK
Alfred Bjørlo

VIL HA MIDTRE: Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) kjempar for bru over Nordfjorden mellom Anda og Lote.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK
Du kan følgje vegmøtet direkte i nett-TV frå klokka 20:15.

– Vil vere politisk bombe

Dei siste to åra har det vore ein intens vegstrid i Nordfjord om kvar E39 skal krysse fjorden i framtida. Striden har gått mellom Gloppen og Eid i midtre, og Stryn og Hornindal i indre. Den førre regjeringa klarte ikkje å ta av avgjerd før valet, og dermed er det den nye regjeringa som skal bestemme kvar vegen skal gå.

Politikarane i Møre og Romsdal har teke kraftig til orde for ein indre trasé gjennom Nordfjord. Fylkesordførar Jon Aasen (Ap), reknar med at det blir den indre lina som blir valt for Nordfjord til slutt.

– Ja, dette forventar eg. Alt anna vil vere ei politisk bombe, seier han til NRK.no.

Trur på midtre

Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) er ein av dei som har lenge har kjempa for framtidig ferjefri E39 skal gjennom det midtre alternativet. Det vil seie å krysse Nordfjorden med bru mellom Anda og Lote. Han er spent føre møtet i kveld.

– Eg har forventningar om at statsråden kjem med ope sinn, og at han er oppriktig interessert i å finne den beste løysinga for utvikling av regionen og Vestlandet. Eg håper han ser at tida er over for politiske hestehandlar. No skal vi velje den E39-løysinga som er best fram i tida, seier han.

– Du kjempar for midtre, meiner du dette er det beste alternativet for alle?

– Midtre er best for dei aller fleste. Indre Nordfjord har god veg til Sunnmøre gjennom Kvivsvegen. Ved å leggje vegen om midtre, tener det heile regionen best, seier han.

Innlegg frå mange i kveld

I kveld er det møte i Ørsta om E39-traseane, og du kan følgje det heile i nett-TV frå klokka 20:15. Det blir innlegg frå begge dei to fylkeskommunane, stamvegutvalet for E39, 11 kommunar og fire vegselskap. Tysdag blir det synfaring gjennom begge dei to alternativa.

Dette er tidsplanen for synfaringa tysdag:

  • 08.15 Buss Ørsta-Volda
  • 08.30 Ferje Volda-Folkestad
  • 08.45 Folkestad-Lote Stopp ved brukryssing Voldafjorden og Eid. Medietreff ved Lote ferjekai kl. 09.45
  • 10.00 Ferje Lote-Anda
  • 10.15 Anda-Byrkjelo Korte stopp
  • 10.50 Byrkjelo-Innvik Stopp nord for Byrkjelo, Innvik
  • 11.30 Innvik-Loen Korte stopp
  • 12.00 Hotell Alexandra Kort lunsj
  • 12.20 Loen-Grodås Mediatreff ved Svarstad (kjettingplassen) kl. 12.35
  • 13.10 Grodås-Hareid Stopp Kvivsvegen, Hjartåberga, brukryssing Ørstafjorden, brukryssing Sulesund. Medietreff ved Hareid ferjekai kl. 14.45
  • 15.00 Ferje Hareid-Sulesund
  • 15.45 Ferje Solavågen-Festøy Medietreff om bord i ferja
  • 16.10-16.55 Festøy-Ørsta Stopp brukryssing Storfjorden