Hopp til innhold

Hossein har 22 born - vil hente 11 og éi kone til Norge

Mange asylsøkjarar i Norge ønskjer gjenforeining med familien sin i utlandet. Det gir også enkelte eit vanskeleg val.

Ventar

VENTAR PÅ FAMILIEN: Frå venstre Abdinaasir Abdigadir Hasan, Hossein Ahmed Mayamuud, Abdullahi Osman Mohamud.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

I Svelgen i Sogn og Fjordane ventar Hossein Ahmed Mayamuud på kone og 11 born, men familien hans er eigentleg dobbelt så stor.

Medan han ventar, puggar han norske gloser saman med andre somaliarar ved norskopplæringa i Bremanger kommune. Her vedtok kommunen å ta i mot 15 flyktningar, men familieattendeføring gjer at talet raskt har auka til 52.

Veit ikkje kor dei andre er

Mange somaliarar har store barneflokkar, Hossein Ahmed Mayamood har 22 born med fleire koner. Ved hjelp av tolk fortel han at han no søkjer familieattendeføring med 11 av dei og den eine kona.

– Ei kone og 11 born ønskjer å komme til Norge, seier Mayamood.

Hossein veit ikkje kor dei andre konene og borna er. Dei forsvann under flukt frå krigsherja Somalia, for han er det derfor ikkje ei problemstilling å hente den andre delen av familien til Norge.

Ei vanleg problemstilling

Men UDI fortel at dei ofte opplever at flyktningar frå enkelte land har fleire koner, då må innvandrarane gjere eit vanskeleg val seier Snorre Sæther som er områdeleiar for familieinnvandring.

– Den personen må velje. Til dømes må ein mann som oppheld seg i Norge, ta med borna hit. Men han kan berre velje éin ektefelle, seier Sæther.

Likevel kan ikkje UDI utelukke at innvandrarar får fleire av konene sine til Norge.

Kan omgå regelverket

– For oss er det viktig å hindre at det skjer, og regelverket er klart på det punktet. Men likevel kan det ikkje utelukkast at det er råd å gå rundt regelverket, seier Sæther.

Då må ein ta ut ei skilsmisse slik at ei eventuell kone nummer to kan søkje familieinnvandring med borna.

– Men vi vil likevel avslå ein slik søknad dersom vi meiner det er sannsynleg at dei eigentleg kjem til å leve som ein familie i Norge, og at dermed skilsmissen er pro forma, seier Sæther.

Kjenner problemstillinga

Også dei som jobbar opp mot innvandrarane stadfestar at fleirkoneri kan vere ei problemstilling.

Eva Richter frå Florø har vore leiar for asylmottaket i Jølster kommune og seier at noko av det viktigaste er å vere ærleg og direkte slik at bebuarane alt då forstod kva som var norsk lov.

Noko av det dei fleste som får opphaldsløyve er mest opptekne av er nettopp å få familien til Norge.

– Noko av det første dei gjorde når dei hadde fått eit positivt svar, var å ønskje familien sin hit. Og det har eg sett at nokon har fått, og då blomstrar dei opp som berre det, seier Richter.

Gler seg til å sjå att familien

– Men å ha fleire koner kan det vel også vere greitt å sleppe, iallfall til preferansane i vår kultur?

– Då må ein gjere eit val. Det er berre slik det er, og det må ein vere ganske konsekvent på. Vi må berre fortelje dei at slik er rammene i Norge, og det er det vi må halde oss til, seier Richter.

I Bremanger gler dei somaliske mennene seg til å få sjå kone og born att. Hosein Ahmed Mayamuud er 66 år og saknar familien. Gjennom tolk fortel han at kona og dei 11 borna lev eit usikkert tilvære i Etiopia.

– Han er ein gammal mann og han treng hjelp. Han har problem her i Norge og dei har problem i Etiopia, seier tolken.