Florø-Sogndal - FRÅ FLORØ ELLER FØRDE? NRK sin sportsreporter heilgarderte i samandraget frå cupkampen mellom Florø og Sogndal tysdag. - Foto: Alf Vidar Snæland /

FRÅ FLORØ ELLER FØRDE? NRK sin sportsreporter heilgarderte i samandraget frå cupkampen mellom Florø og Sogndal tysdag.

Foto: Alf Vidar Snæland

Florø-flause i NRK-sporten

Ein reporter, tilsynelatande utan den heilt store geografikunnskapen, øydela litt av gleda Florø-folk kjende over cuptriumfen mot Sogndal.

I innslaget i cupsendinga på NRK1 vart kommentatoren som sat i eit studio i Oslo tilsynelatande i villreie om kva lag som hadde banka Sogndal.

Rett nok sa han Florø to gonger, men tre gonger nemnde han Førde, så i sum vart det 3–2 til Førde. Vaktsjef Erik Strand hos NRK Sport avviser at gleppen skuldast manglande geografikunnskapar.

– Det var rein forsnakking under tidspress, forklarer han og beklagar gleppen.

Førde eller Florø?

For den enkelte sjåar kunne det nok vere vanskeleg å henge med på kven Sogndal møtte i cupkampen i Florø. Og kven som slo ut tabelltoaren i eliteserien.

Dette utløyste ein liten kuling av innlegg på Facebook og Twitter i går kveld. Også NRK har fått tilbakemeldingar.

– Det var ganske flaut å høre reporteren fortelje at det var Førde som scora, 3 gonger, skriv ein person i ein e-post til NRK.

– Lykke til Florø

Skulle nokon framleis vere i tvil, så var det altså heimelaget Florø, som i kvalifiseringa slo ut nettopp Førde, som sende Sogndal på hovudet ut av cupen.

Og som no kan bu seg på andrerunde kamp i NM-cupen. Med seg på cupeventyret får dei også lukkeønskingar frå Oslo.

– Vi ynskjer sjølvsagt Florø lukke til vidare i cupen, avsluttar Strand.

Politiet applauderer forslaget om å kutta både i talet på politidistrikt og lensmannskontor. 
Men dei ser samstundes at sentraliseringa kan bli utfordrande...
Turistforeningshyttene rundt om i landet førebur seg på storinnrykk no når sommarsesongen snart er i gang.
Det betyr at enkelte må leggja ned fleirfoldige timar i dugnadsarbeid for å få alt på stell.
Og denne veka har ein liten gjeng gått til Skogadalsbøen i Luster på hyttedugnad.
Marius Vedvik slo ein 35 år gammal rekord på 5000 meter. Foto: Alf Vidar Snæland.