Hopp til innhold

Flora kommune kritisk til sentralisering av skatteoppkrevjinga

Bystyret i Flora er kritiske til sentralisering av skatteoppkrevjinga. Seks kommunar kan miste sine statlege skattekontor. Skatteetaten er på slankekur.

Hanne Husebø Kristensen og Bengt Solheim-Olsen

KRITISKE TIL SENTRALISERING: Gruppeleiar for Høgre Hanne Husebø Kristensen og ordførar Bengt Solheim-Olsen (H).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi meiner at skatteoppkrevjinga i Norge er svært effektiv i dag, og vi kan ikkje sjå at det vil bli betra av at staten skulle ta over denne oppgåva i framtida, seier ordførar i Flora Bengt Solheim-Olsen (H).

Tysdag kveld hadde bystyret i Flora oppe saka om kommunane si framtidige rolle når det gjeld skatte innkrevjinga.

Samstundes med at finansminister Siv Jensen (Frp) opna for å overføre skatteinnkrevjaren frå kommunane til staten, bad ho også Skatteetaten om "vurdere sin eigen kontorstruktur". Venstre og KrF lovar å stoppe skatteinnkrevjar-sentraliseringa i Stortinget. Men skattekontorkutta rullar vidare. I Sogn og Fjordane er kontora i Florø, Nordfjordeid, Måløy, Årdal, Sogndal og Fjaler i spel.

– Her legg ein opp til å fjerne ei viktig oppgåve frå kommunane, noko som er stikk i strid med hovudmåla i dei omfattande prosessane som no går føre seg når det gjeld kommunereforma.

–Kva vil det bety for Flora dersom kommune skulle miste denne oppgåve i framtida?

– I Flora betyr det bortfall av fem-seks arbeidsplassar som er viktige for oss, i tillegg får vi ein større avstand til denne tenesta. Eg trur nok og at viss staten overtar denne oppgåva så er det ikkje inndriving av manglande inntekter til kommunane dei kjem til å prioritere høgast.

– Dette er nok eit forslag som betyr ei betydeleg sentralisering av oppgåver.