Hopp til innhold

Slik jublar ein sigrande stryneordførar

– Det har vore ein heilt fantastisk morgon, gliser ordførar Sven Flo (H) i Stryn etter måndagens E39-avgjerd.

Sven Flo

JUBEL: Ordførar i Stryn, Sven Flo (H), har grunn til å sleppe jubelen laus etter regjeringa si E39-avgjerd. – Det er ein ypperleg dag for å heise flagget, seier Flo og lovar at dagen blir markert i Stryn.

Foto: Silje Guddal / NRK

Regjeringa sette måndag kveld sluttstrek for ein årelang debatt, og legg framtidig E39-trasé til indre Nordfjord.

Medan skuffelsen er stor i midtre delar av regionen, er gleda dertil stor i indre. Ordførar i Stryn, Sven Flo (H), fekk gladmeldinga då han arbeidde på tunet.

– Eg vart sett litt ut i nokre minuttar, men etterkvart som eg fekk stadfesta ting, kjente eg kor fantastisk herlig dette var. Sidan har ikkje telefonen stått stille. Det har plinga på med gratulasjonar gjennom natta, gliser han.

– Rimelegare

Det var Statsminister Erna Solberg (H) sjølv som presenterte avgjerda som omfattar tunnel under Utvikfjellet og bru over Nordfjorden til Svarstad og så Kvivsvegen vidare til Volda.

– Det seier vel eigentleg veldig mykje om kor viktig og utfordrande denne saka er, seier Flo. Valer er rekna å koste kring 5,8 milliardar 2013-kroner.

Det er vesentleg lågare investeringskostnader enn bru over Anda – Lote, med veg gjennom Stigedalen og bru over Austefjorden i Volda. Strekka frå Skei til Volda blir 87 kilometer lang og får ei reisetid på om lag 65 minutt.

Bjørlo gratulerer

Alfred Bjørlo

SKUFFA: Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V).

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Regjeringa finn at traseen kjem betre ut samfunnsøkonomisk enn alternativet i midtre. Statsministeren trekte fram arbeidet som alt er gjort på Kvivsvegen og ved Hjartåberga.

Solberg meiner også at alternativet er fleksibelt og legg godt til rette for etappevis utbygging. Til ny bruløysing er på plass, vil E39 framleis gå over Lote - Anda.

– Det er ikkje den hyggelegaste dagen i mitt liv som ordførar, men det er berre å gratulere Sven med avgjerda, seier ein skuffa Eid-ordførar, Alfred Bjørlo (V).

– Forbikøyringsfylke

På si eiga Facebook-side meinte Eid-ordføraren at vedtaket vil gjere Sogn og Fjordane til eit «forbikøyringsfylke» og ikkje noko verdiskapingsfylke.

Han viser til at Solberg i stor grad viser til at indre trasé er rimelegast.

– Eg registrerer at statsministeren legg ein heilt annan type argumentasjon til grunn for trasévalet her, enn i dei andre Vestlandsfylka. Til valde dei Hafast på Sunnmøre, eit alternativ som kosta over ti millard kroner meir enn alternativa og som er ti minuttar lenger, fordi det var det som utvikla regionen mest, seier Bjørlo.

Koplar saman fylket

Skildringa av Sogn og Fjordane som eit forbikøyringsfylke, er ikkje ordførar Flo i Stryn samd i.

– Eg meiner vi i større grad koplar fylket tettare saman, mellom anna ved at Indre Nordfjord får det lettare med å komme seg sørover. Alternativet var at ein i større grad orienterte seg nordover, seier Flo og meiner Nordfjord blir styrkt som bu- og arbeidsområde.

Nøgd Lødemel

Bjørn Lødemel

NØGD: Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H).

Foto: Alf Vidar Snæland

Kommunane i midtre og indre Nordfjord har stått steilt mot kvarandre i E39-debatten.

– Det er klart at dette har vore ei veldig vanskeleg sak, og det er jo grunnen til at det har teke tid. Men eg er veldig glad og letta over at det no er teke ei avgjerd, og at Indre er vald, seier stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) og viser til at vedtaket er i tråd med vedtaka til regjeringspartia sine fylkeslag.

– No byrjar jobben

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes

GLAD: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) meiner det var viktig å få avgjerda.

Foto: Arne Stubhaug / Arne Stubhaug, NRK Sogn og Fjord

Fylkestinget slutta seg til kryssing av Nordfjorden ved Anda - Lote, men når avgjerda vart indre er fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) først og fremst glad for at avgjerda endeleg har kome.

– No veit vi kva vi har å halde oss til og no må vi sjå framover. No byrjar jobben for at vi skal få prioritet og kome i gang med bygging så raskt som mogleg, seier ho.

– Når vonbrota legg seg for dei som ikkje fekk den traseen som ein ønska mest, så håpar eg at ein samla ser framover for Nordfjord og for fylket vårt, held ho fram og forsikrar at Sogn og Fjordane ikkje skal bli noko forbikøyringsfylke.

Vil ha bru

Medan ordførar Flo oppmodar stryningane til å heise flagget i dag, vil Bjørlo i Eid halde fram kampen for at sambandet på sikt skal bli avløyst av ei bru.

I første omgang med krav om ferjeavgang kvart 20. minutt på ferjesambandet Anda - Lote.

– Det må vere eit mål, seier han.