Hopp til innhold

Flo må vente på sesongstarten

Sesongstarten lar vente på seg for ein skadd Per Egil Flo. Sogndal hadde håpa å ha han klar til søndagens oppgjer mot Haugesund.

Per Egil Flo

UTE: Sogndal hadde håp om å få Per Egil Flo klar mot Haugesund. Verken han eller Jasmin Mecinovic er å finne i troppen.

Foto: Yttri, Tor / Scanpix

Både Ahyee Aye Elvis og Per Egil Flo har så langt til gode å figurere på laget til Sogndal i eliteserien.

Går rette vegen

– Vi hadde håpa å få klar Per Egil og Jasmin, men vi får sjå ut i veka. Det går rette vegen i alle fall, seier assistenttrenar Terje Skjeldestad til NRK.no.

Elvis i troppen

Mecinovic vart henta inn for å tette hol i som følgje av skader i forsvarsrekkja. No har han sjølv vore ute med skade sidan seriepremiera på heimebane mot Hønefoss.

Flo var så vidt byrja å trene med ball att, men må framleis vente på sesongdebuten sin.

– Per Egil har fått eit lite tilbakefall, medan overtrampen til Jasmin har teke noko lengre tid enn vi først trudde. Slik er det ofte med førstegongs overtramp, og det spørst om kampen fredag også kjem for tidleg for Jasmin, seier medisinsk koordinator Kim Are Jacobsen.

(Artikkelen held fram under avrøystinga)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Heller ikkje Skjeldestad vil spekulere i når Flo og Mecinovic er venta tilbake.

– Vi har prestert bra til no. Det er ikkje berre dette med å kome tilbake på bana, ein skal kome i slag att også, seier Skjeldestad.

Ein for alle, alle for ein

Terje Skjeldestad

ROTTERACE: Terje Skjeldestad trur på eit tett og spennande oppgjer mot Haugesund.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Sogndal møter søndag eit Haugesund-lag med tidlegare sogndal-spiss Oddbjørn Skartun i stallen.

Truleg startar sogndølen på benken, men forsvarsrekkja til Jonas Olsson & co får likevel noko å bryne seg på i Alexander Søderlund og Nikola Djurdjic.

– Vi veit kva som er grunnen til at vi plukka poeng på Lerkendal, mot Hønefoss og Odd Grenland. Det er innsatsvilje og hard jobbing. Det er «ein for alle, alle for ein»-innstilling, seier Skjeldestad.

Gjentek suksessen

Sogndal har fått ein eventyrleg start på årets eliteserie med fem poeng på tre kampar. Dei er førebels på femteplass. I fjor vann Sogndal 3–1 over Haugesund på Fosshaugane.

Midtbaneterrier Ørjan Hopen meiner det er fullt mogleg å gjenta den bedrifta. Rogalandslaget har dei siste åra vist som eit sterkare heimelag- enn bortelag.

– Sidan vi møter dei heime, har vi gode sjansar til å stikke av med sigeren, seier han til Sogndal Fotball sine nettsider.

– Eit rotterace

Skjeldestad trur på eit spennande oppgjer på Fosshaugane.

– Eg trur det blir eitt rotterace, med mange duellar, kjemping og springing. Den som er mest tålmodig og spring mest har store sjansar for å vinne, seier den tidlegare keeperkjempa.

– Haugesund er kjende som hardtarbeidande lag, og vi skal få køyrt oss om vi ikkje er skjerpa. Men vi er innstilt på å gje jarnet, seier han.