Hopp til innhold

Flo blir trenar i Chelsea

Stryningen Tore André Flo er tilbake på Stamford Bridge, denne gongen som trenar for Chelsea.

Flo

NY JOBB: Tore Andre Flo blir no fast tilknytt Chelsea som trenar for ungdomslaget.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Det skriv avisa Daily Mail. Han blir ein del av det utvida teamet til Chelsea-trenar José Mourinhos og skal trene ungdomslaget.

Flo har vore med i ungdomssatsinga på deltid, men blir no fast tilknytt klubben. Stryningen har tidlegare spelt for klubbar som Sogndal, Brann, Chelsea, Sunderland, Leeds og Siena.

Flo spelte 76 kampar og scora 23 mål for Norge i perioden 1995 til 2003. Og er mest kjent for den historiske VM-kampen mot Brasil i 1998. Han gav seg som fotballspelarar i fjor, då han avslutta spelarkarrieren i Sogndal.

Då han nyleg blei 40 år, overraska Egil «Drillo» Olsen med å gi han assistentjobb i gåve når Norge møter Sverige i august.

Ifølgje Aftenposten må Chelsea satse meir på utviklinga av eigne talent for å overhalde dei nye finansielle fair play-reglane til UEFA. Chelsea-direktør Ron Gourlay har sagt at dei må vise at dei kan dyrke fram eigne verdsstjerner og dette arbeidet skal altså Flo vere med på i ungdomsstallen.