Hopp til innhold

No vil unge drive med fiskeoppdrett - det merkast på søkjartala

Stadig fleire unge vil drive med fiskeoppdrett. Det gjer at skulane no har rekordarta søkjartal. På landsplan er auken i søkjarar på heile 180 prosent.

Karstensen og Myrbakk

KLAR: F.v. Harald Karstensen og Martin Gjelsvik Myrbakk er to av elevane som meiner fiskeoppdrett er ein smart veg å gå.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

I 2009 var det berre 47 søkjarar i landet som søkte seg til akvakulturlinene på dei vidaregåande skulane, til hausten er talet 132.

Ved fylkets einaste akvakulturline på Måløy vidaregåande skule, trur elevane på ei lys framtid for oppdrettsnæringa.

Lærar Jan Osnes står framfor ei lita klasse med seks elevar på Måløy vidaregåande skule.

Her utdannar dei framtidas fagfolk innan oppdrett i Sogn og Fjordane.

Trur dette blir ein av Norges største inntekter

Etter fleire år med magre søkjartal er det no aukande interesse. På landsplan har veksten i søkjarar vore på 180 prosent. Martin Gjelsvik Myrbakk frå Florø vil bruke utdanninga til å bli marinbiolog eller fiskehelsebiolog.

– Eg er veldig interessert i akvakultur. Lønna er jo også eit pluss. Oljen vil snart ta slutt, og då vert dette kanskje ein av dei største inntektene til Norge. Kanskje folk har begynt å få opp auga for kva dette eigentleg er, trur Myrbakk.

Ved Måløy vidaregåande skule har dei til hausten åtte søkjarar. For nokre år sidan fanst det knapt elevar som søkte.

(Artikkelen held fram under biletet)

Oppdrett

STRØYMER TIL: Dei unge ser moglegheiter i oppdrettsbransjen. Det merkast på søkjartala.

Foto: Asgeir Heimdal Aksnes / NRK

Trur ikkje det er berre lønn som trekkjer

Harald Karstensen frå Fanøya utanfor Florø er frå ein oppdrettsfamilie og har god tru på framtida for bransjen.

Oppdrettsnæringa går godt for tida, Karstensen trur det har gjort noko med interessa blant mange.

– Oppdrettsnæringa er ei viktig næring for Norge, kanskje viktigare enn kva folk trur. Eg håpar det ikkje berre er god lønn som gjer at unge er interesserte, seier Karstensen.

Og oppdrettsnæringa jublar over den aukande interessa blant unge. Leiar Astrid Haugslett i Sett Sjøbein, som er sjømatnæringa sitt rekrutterings og kompetanseprosjekt seier bransjen har bruk for fagfolk.

– Søkinga til akvakultur har hatt ein auke på 180 prosent frå 2009 til 2014. Det er rett og slett fantastisk, seier Haugslett.

Ho trur det er fleire grunnar til at faget har vorte så populært på kort tid.

– Havbruksnæringa har synt seg som ein tydeleg og god aktør med mange yrkes- og karrieremoglegheiter. Det er ei næring der det er ønska vekst, og bodskapen om å skape god mat, held på å nå fram, seier Haugslett.

Har vore krevjande å rekruttere

Ho peikar også på at det er mange jobbmoglegheiter innan havbruksnæringa.

– Du treng ikkje berre jobbe innanfor eitt tema innanfor sjømatnæringa. Det er både teknologi, biologi, forsking og mykje spennande. Det trur eg har vorte godt formidla, både regionalt og lokalt, seier Haugslett.

Rundereim

KREVJANDE: Rektor ved Måløy vidaregåande skule, Karl Otto Rundereim, fortel at det i fleire år var svært krevjande å rekruttere til tilbodet.

Foto: Asgeir Heimdal Aksnes / NRK

Rektor ved Måløy vidaregåande skule Karl Ottar Rundereim har sett søkjartala gå opp og ned fleire gonger. Ofte i takt med inntektene til næringa. No rullar millionane inn for mange oppdrettarar, og slike nyhende gjer noko med interessa,

– Det er eit felt som vi ønskjer å satse meir på. Samtidig har det vore litt vanskeleg å rekruttere til dette tilbodet, ikkje berre her, men også andre stadar langs kysten, seier Rundereim.

Trur gode tider merkast på rekrutteringa

Han peikar på at ungdom ofte vel i flokk.

– Rundt årtusenskifte hadde vi god søknad i to-tre år, og då krakket kom i næringa, ramla tilbodet saman. No er det gode tider i næringa, og viss næringa vert flinkare å marknadsføre seg, trur eg det vil slå ut på rekrutteringa, seier Rundereim.

Fleire av elevane i Måløy kombinerer akvakulturutdanninga med lina for tekniske og allmenne fag. Det gir både fagbrev og studiekompetanse. Elevane angrar ikkje på valet av utdanning så langt.

– Eg tykkjer det er veldig greitt. Vi får god oppfølging av skulen og miljøet er bra, seier Myrbakk, og får støtte av klassekameraten.

– Eg tykkjer det er fantastisk. Eg har gått på fleire skular, og dette er ein av dei beste plassane eg har vore. Det er interessant, og eg likar både miljøet i klassen og lærarane, seier Karstensen.