Hopp til innhold

Lynnedslag starta tre nye skogbrannar

Lynnedslag har laurdag ettermiddag ført til to skogbrannar i Balestrand og ein i Vik.

Skogbrann i Kvamsøy

BRANN: Sidan torsdag kveld har lynnedslag starta seks brannar i Sogn og Fjordane.

Foto: Rober Jan Leerink

Alarmsentralen fekk i klokka 1528 melding om to skogbrannar i fjellsida, kring 400 meter over Kvamsøy i Balestrand.

Den første brannen måtte brannmannskap jobbe ein del med for å få under kontroll.

– Brannane er under kontroll, men mannskap vil vere der for å passe på at det ikkje eskalerer. Det er ikkje fare for busetnad, seier vaktleiar Magny Brandsøy ved Alarmsentralen.

Brann i Vik

Brannane er den andre og tredje laurdag ettermiddag. Tidlegare på dagen kom det også inn melding om brann i fjellsida ved Finden i Vik.

Torsdag og fredag brann det i Aurland og Gloppen.

– Heller ikkje i Vik er det fare for busetnad. Det brenn i ulendt terreng, og det er ikkje veg opp. Vi har folk som også der følgjer med på om det utviklar seg, seier Brandsøy.

Stor skogbrannfare

Det er for tida stor skogbrannfare i heile landet. Direktoratet for Samfunnstryggleik og Beredskap har av den grunn fire ekstra helikopter i beredskap til søndag.

Brannen som starta i Aurland torsdag, tok seg opp att fredag kveld. Laurdag morgon var brannen over. Åtte kommunar har no innført totalforbod mot opne flammar i skog og mark.

– Vi ber om at publikum viser stor aktsemd ved ferdsel i skog og mark, og ikkje nyttar open eld, til dømes bål eller eingongsgrillar, opplyser fylkesmannen på sine nettsider.