– Eg likar og dans best. Eg likar ikkje fotball så godt. Eg hatar fotball. Bu for fotball, seier ein av dei 15 unge gutane som er samla til første trening etter jul.
Lydnivået er høgt, og det er hælane i taket og tenna i tapetet hjå Dans utan grenser i Skrivarløa i Førde.
Frå 1 til 30
Dei tilbyr gutedans for 1-3 og 4-7. klasse, med dansetypar som breaking, hip hop og popping. Den 19 år gamle instruktøren Mathias Engelstad har orden på ungane. Han fortel det har vore store forandringar i dansemiljøet dei siste åra.
– Når eg byrja som instruktør var det berre ein gut på heile kurset. Men det har gått opp, og er no rundt 20 kvar kurs. Det meste vi har hatt er rundt 30.
Han meiner det er blitt meir vanleg for gutar å danse i dag.
– Før i tida var det nesten ukjent med dans her i Førde. Då var det fotball gutane ville drive med, slik som storebrørne og foreldra. Men dans har blitt meir vanleg. Mange foreldre sender ungane sine for å prøve, seier Engelstad.
Også på landsbasis blir det fleire gutedansarar. Balletthøgskulen i Oslo har blant anna merka ei tydeleg auke dei siste åtte åra.
– Kulare og kulare
På Skrivarløa dansar gutane til musikken. Når den stoppar må dei stå heilt stille. Rører ein på seg går ein ut av leiken. Leik er viktig for at ein skal bli betre kjent med både instruktørar og kvarandre.
– Eg dansar fordi eg synest det er kjekt og ein får meir rørsle i kroppen, seier Marco Førde.
– Eg har mest lyst å drive med breaking. Eg kan eitt triks, men eg veit ikkje kva det heiter, seier Sindre Farsund Gjerde.
Ein ung gut som danseinstruktør er inspirerande, og fleire av gutane skryt av Mathias Engelstad. No skal Ola Mathias Guddal Aarseth snart ta over som danseinstruktør. Han gler seg og meiner absolutt dans for gutar er i vinden.
– Mange gutar som dansar som seier det er gøy. Det er kult å danse, og det blir berre kulare og kulare, seier Guddal Aarseth.