Hopp til innhold

Fleire observasjonar av jerv i Eid

Per-Tore Taklo frå Nordfjordeid er heilt sikker på at han onsdag kveld såg ein jerv då han køyrde over Stigedalen.

Jerv

JERV: Det er den siste tida gjort fleire observasjonar i Eid av det som truleg er jerv.

Foto: BBC

– Eg hadde vore ein tur på Møre og var på veg heim. Midt på vatnet på Stigedalen så såg eg eit svart dyr som sprang over isen og over på den andre sida der det stogga og blei ståande.

Per-Tore Taklo

SÅG JERV: Per-Tore Taklo frå Nordfjordeid.

Foto: Privat

Taklo stogga bilen for å studere dyret. Både måten dyret sprang på, og utsjånaden, gjer at Taklo er heilt sikker i si sak om at det var ein jerv han såg.

– Eg blir overraska om det ikkje er jerv eg såg. Det var ei stort svart dyr som sprang på ein litt rar måte, ikkje slik som ein ser føre seg at ein rev spring, for å seie det slik.

Trur det er jerv

I Statens naturoppsyn ser Rein Arne Golf ingen grunn til å tvile på observasjonen til Taklo.

– Det er litt lenger vest enn dei registreringane vi har fått melding om tidlegare i vinter, men jerven flyttar seg fort.

Rein Arne Golf

BER FOLK MELDE FRÅ: Rein Arne Golf ER rovviltkontakt i Statens naturoppsyn.

Foto: Arve Uglum / NRK

Golf seier dei i dette tilfellet ser det som lite aktuelt å rykke ut for å prøve å spore jerven.

– Med dei dårlege vêrmeldingane som er no, så vurderer eg sjansane til å spore jerven som små.

Han ber likevel alle som gjer observasjonar om å melde frå slik Taklo har gjort.

– Ta gjerne bilete av spor, eller dyr. Finn du ekskrement i nærleiken av noko du trur er eit jervespor, ta var på det og meld frå til oss slik at vi kan kome og hente det, seier Golf.

Mange jerveobservasjonar i Eid

Leiar i Eid Sau og Geit, Arve Dal, fortel at det i haust og vinter har vore gjort fleire observasjonar av jerv i Eid.

– Vi hadde ein observasjon i haust ute på Haugane, seinare har de vore to observasjonar i Heggjabygda og Heggjadalen, seier Dal.

Han er sikker på at det er jerv i området.

– I Heggjadalen har det vore mist mykje sauer dei siste to tre åra. For 14 dagar sidan fann dei også ein hjort som truleg var teken av jerv.

Han seier dei har prøvd å spore jerven, men at dei måte gi opp på grunn at dårlege sporforhold med hard skare.