Hopp til innhold

Mange kokkar, men ikkje mykje søl!

– Det du lærer å eta når du er liten, det et du heile livet, seier Elen Horne som kvar veke lærar barnehageborn nye matrettar.

Her kan du sjå ungane i Prestebakken Barnehage lage norsk tradisjonsmat.

LAGAR TRADISJONSKOST: Elen Horne besøkjer Prestebakken barnehage ein gong i veka for å lage norsk tradisjonsmat saman med ungane. (FOTO/REDIGERING: Elias Engevik og Ine Eftestøl)

– Me har laga fiskebollar i kvit saus, kjøtkaker og stuing, torsk, og raspeballar, fortel ho. I dag står lapskaus på menyen.

Elen Horne

TRADISJON: Det går ikkje i tikka masala og sushi når Elen Horne har kontroll på grytene.

Foto: Elias Engevik / NRK

Det er onsdag i Prestebakken barnehage, og grytene har så smått byrja å putre.

Små hovud har fått kokkeluer på, og hender arbeider flittig. Ein dag i veka kjem Elen hit og lagar norsk tradisjonsmat i lag med ungane.

Lærer mykje

– Eg og vil kutte! Theodor Skuggen Flaten på fem år handsamar gulrot og grønsakskrellar (nesten) som Hellstrøm sjølv.

Kålrabien står for tur. Skarpe reiskapar mellom små fingrar, men pedagogisk leiar Tove Ekreskar Nervik held tett oppsyn med dei, og kombinerer kokkelering og kjøken-undervisning på akrobatisk vis.

Ho meiner norsk matkultur er viktig, og vil gjerne at barnehagen skal vera ein stad der ungane kan få eit forhold til maten dei et.

I Prestebakken i Førde har dei ein eigen grønsakhage der ungane kan vera med å dyrka og hausta eigne grønsaker. Og dei får læra om kjøkenhygiene, sikker handsaming av utstyr og ernæring og helse.

Ikkje berre nugatti

Elen Horne meiner det er ei myte at små ungar er kresne i matvegen, og trur at grønsaksfobi er oppskrytt. Dei bruker mykje grønt, og ungane et alt ifølge dagens kjøkensjef. Men ho trur kan hende det er litt enklare å få dei til å smaka på nye ting i i barnehagen enn i heimen.

– Dei ser kvarandre eta, så vil dei og prøva. Eg trur det ligg bak, seier ho.

Elisa Hegrenes Mikalsen

DEKKER BORDET: Elisa Hegrenes Mikalsen gjer klart til lunsj.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

– Her er dei mange i lag, dei leiker med kvarandre og lagar maten i lag. Så står dei her og kjenner lukta medan dei arbeider – då får dei lyst å smaka. Dei vert heilt oppgira!

Kosemat får dei eta heime

– Mmmmmmm! Godt! Elisa Hegrenes Mikalsen på fire år mumsar kålrabi medan ho arbeider.

I barnehagen meiner dei det er viktig med sunn mat, og pedagogisk leiar Tove meiner pizza og taco er noko ungane skal få eta heime.

– Det skal vera kosemat, og det syns me høyrer til familie-kosen heller enn barnehagen, seier ho.

Etter to timar med innsats er bordet dekka og nylaga lapskaus dampar frå Kardemommeby-tallerkenane.

– Eg gløymde å blåsa på! Utbryt Elisa som har det så travelt at ho brenn seg litt på tunga.

Dei små kokkane gjev lapskausen sin tommel opp, og skrapa tallerkenar vitnar om at grønsakskrekk hjå små ungar faktisk er ei myte.

– Måltidet er kjempeviktig, og består av meir enn mat, meiner Nervik.

– Situasjonen rundt bordet, det å prate i lag, og samarbeida om måltidet. Heile prosessen er viktig, avsluttar ho.