Hopp til innhold

Helseforsikring kutta ventetid frå to månadar til røntgen på dagen for stillasmontør

På drygt to år er talet på behandlingsforsikringar meir enn dobla i Norge. Stadig fleire bedrifter forsikrar tilsette mot å hamne i helsekø, og dermed hamne i langvarig sjukemelding.

På drygt to år er talet på behandlingsforsikringar meir enn dobla i Norge. Stadig fleire bedrifter forsikrar tilsette mot å hamne i helsekø.

SJÅ TV-REPORTASJE: Behandlingsforsikring fekk han fram i helsekøen. Skulle vente nær to månader på røntgen, men kom til på dagen.

– Eg er så heldig at eg har ein arbeidsgjevar som har teikna forsikring på oss i forhold til behandling for å få oss litt lengre fram i køen i helsevesenet, fortel Eivind L. Røed.

Stillasmontøren skulle stått i helsekø, men gjer det ikkje. I staden møter NRK.no han på ein byggeplass i Førde, der han er i ferd med å gjennomføre kvar veke kontroll på eit gedigent seksetasjars stillas.

Eivind L. Røed

SLAPP Å VENTE: Eivind L. Røed var førespegla to månaders ventetid på røntgenundersøking. Med helseforsikring slapp han til på dagen og er tilbake i full jobb.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Takka vere såkalla behandlingsforsikring, altså ei forsikring som betaler for rask behandling hos private klinikkar, unngjekk 44-åringen ei langvarig sjukemelding då smertene melde seg i vinter.

– Eg har problem med venstre hand. For meg er hendene i overkant avgjerande, seier Røed.

Fekk time dagen etter

Som dagleg leiar i eit firma med fem tilsette kan han ikkje nøye seg med å berre sitje på kontor.

Men hos sjukehuset som ligg i nabolaget var det inntil to månader venteliste på røntgen. Røed fekk så tilvising til ein privat klinikk som Helse Førde hadde avtale med. Men også her ville han måtte vente tre-fire veker. Først då han informerte om at han hadde behandlingsforsikring, fekk pipa ei anna låt.

– «Ja, men då kan du få time i morgon», fortel Røed.

Han kunne attpåtil velje om han ville ha time ved ein klinikk i Bergen eller i Oslo-området. Og då han likevel skulle på eit møte på Gardermoen vart løysinga ein privat klinikk på Lillestrøm.

– Eg fekk time klokka 19 på kvelden. Det heile var gjort på 20 minutt. Røntgenbilda fekk eg med meg på ein cd som eg skulle gi legen min, fortel Røed.

Kraftig auke i behandlingsforsikring

RETT TIL VÊRS: Talet på helseforsikringar er meir enn dobla på få år.

Foto: NRK

Auka interesse for behandlingsforsikring

Og mange gjer som stillasfirmaet i Sunnfjord, forsikrar seg mot helsekø.

Tal frå Finans Norge viser ein kraftig vekst i talet på behandlingsforsikringar. I juni 2011 hadde norske forsikringsselskap inngått 174.000 slike avtalar. To og eit halvt år seinare, ved inngangen til 2014 var talet meir enn dobla. 404.000 personar i Norge har slik helseforsikring. Mange av dei blir betalt av arbeidsgjevar.

Men ifølgje Nav er ikkje forsikring einaste veg ut av helsekøen. Magne Ketil Berg som er Nav-leiar i Førde meiner mange kan bli flinkare til å nytte fritt sjukehusval. Ofte kan ventelistene vere kortare andre stader.

Magne Kjetil Berg

– TENK SJUKEHUSVAL: Nav-leiar Magne Kjetil Berg i Førde oppmodar pasientar om å sjekke fritt sjukehusval-ordninga dersom dei står i helsekø, ikkje nødvendigvis teikne helseforsikring.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Eg trur nok at det kan opplysast betre om slike ordningar, seier Berg.

Han oppmodar både dei som behandlar – og pasientane om jobbe aktivt for at sjukmeldinga skal bli så kort som mogleg.

– Ver aktiv sjølv og involver dei som kan hjelpe deg, til dømes legen din eller arbeidsgjevaren din, og finn gode løysingar. Det kostar samfunnet mykje å ha folk i lange sjukmeldingar, seier Berg.

– Meir aktiv bruk av fritt sjukehusval

Også helse- og omsorgsministeren meiner ordninga med fritt sjukehusval blir for lite brukt.

– Vi ser at mange kunne ha venta mykje kortare viss ein hadde brukt ordninga med fritt sjukehusval. Eg vil oppmode fastlegane til å vere flinkare til å rettleie pasientar til å bruke ordninga, og at pasientar klikkar seg inn på frittsykehusvalg.no. Der vil ein raskt kunne finne informasjon som gjer at ein raskare kan få hjelp der det er ledig kapasitet, seier Høie til NRK.no.

Høgre-statsråden er klar kva som må til for at sjukmelde skal komme raskare tilbake i jobb.

helseminister Bent Høie (H)

LOVAR BETRING: Helseminister Bent Høie vil ha meir bruk av private helseklinikkar for å få ned køane, men det offentlege skal betale – ikkje forsikringa.

Foto: Siv Sandvik / NRK

Vil bruke ledig kapasitet for å unngå køer

– Det er å redusere ventetida til helsetenestene, mellom anna ved å ta i bruk ein større del av den ledige kapasiteten som er hos private. Dette er også regjeringa sin politikk.

Men målet, meiner Høie, må vere at ein ikkje treng forsikring.

– Bedriftene må sjølve velje om dei ønskjer å teikne helseforsikringar, men eg meiner at det er viktig at vi får eit offentleg finansiert helsevesen som er så godt at det er det folk flest føretrekkjer, og at folk får så rask hjelp at ein ikkje opplever det som nødvendig å ha helseforsikring i tillegg.

Etter fått røntgenbilete på ein privat klinikk, er Eivind L. Røed no til behandling i det offentlege helsevesenet, ved Førde sentralsjukehus. Handa er i ferd med å bli betre, og han i full jobb.

– Ei slik helseforsikring er ei veldig god løysing, og eg trur at for arbeidsgjevarar er det ein stor fordel. I mi verksemd ville vi i alle fall fått store problem dersom ein av oss vart gåande i ei langvarig sjukmelding på grunn av at ein stod i helsekø.