Hopp til innhold

Fleire hundar meldt sakna

Ein brun, kvit og svart basset-hund er på rømmen i Fresvik. Det same er leikekameraten hans, ein blandingshund med mykje setter i seg. Denne er hovudsakleg kvit, med to svarte prikkar. Sakna er også ein Lindenberger i Florø. Denne er lys av farge. Dei som kan ha opplysningar blir oppmoda om å ringe politiet på 02800.