Hopp til innhold

Fleire cowboyar enn venta på Breim

Norsk Countrytreff på Breim hadde fleire besøkjande i år enn i fjor, sjølv om festivalen var ein dag kortare enn i 2012.

Countryfestivalen på Breim 2013

GODT BESØK: Slik såg det ut framfor hovudscena fredag kveld.

Foto: Runar Sandnes

I alt besøkte 11.600 personar festivalen som har knutepunktstatus.

– Vi er godt nøgde. I fjor hadde vi 11.500, og då starta vi rett nok ein dag før. Difor er vi nøgde med å ha fleire gjester på kortare tid i år, seier ein nøgd festivalgeneral, Eva Hage Solstad.

Storinnrykket kom tidlegare

Bellamy Brothers og Hellbillies var mellom artistane som i år pryda festivalplakaten til den årvisse countryfestivalen på Fjordhestgarden.

Eva Hage Solstad

NØGD: Eva Hage Solstad.

Foto: Birger Meland / NRK

Allereie torsdag kom 800 bubilar og campingvogner for å sjekke inn. Desse måtte bu seg på lang køsitting.

– Vi venta storinnrykket fredag, og hadde ikkje ekstramannskap å setje inn torsdag. Våre folk jobba knallhardt for å få alle plassert, og med tolmodige folk i køen, så gjekk det seg til etter kvart, seier Solstad.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Glimt frå årets countryfestival på Breim (2013).

SJÅ VIDEO: Vidar Solheim var ein av fleire tusen gjester som i helga vitja Norsk Countrytreff på Breim.

Håpar på overskot

Det var ikkje berre tal besøkjande som var betre enn fjoråret. For festivalcampen hadde kring 250 fleire overnattande i år. Og det sjølv om vêrgudane ikkje var heilt samarbeidsvillige.

Sjølv om festivalen med gode besøkstal ligg an til å få eit godt økonomisk resultat, er det for tidleg å seie noko korleis dette vil sjå ut til slutt.

– Som festival har vi ikkje som målsetjing å bli særleg større enn vi er i dag, vi er meir opptekne av kvalitet. Etter denne helga meiner eg at vi stadfestar dette, og kan sjå tilbake på ein festival gjennomført med kvalitet i alle ledd. Vi håpar sjølvsagt at vi også i år sit igjen med eit overskot som vi kan fordele ut til dei lokale laga og foreiningane som eig oss, seier Solstad.

– Vi lukkast

Solstad legg vekt på at arrangøren i år har prøvd å famne breitt ut blant publikum, og at det ser ut til å ha lukkast.

Countryfestival på Breim 2013

RUTINERTE: Bellamy Brothers var mellom fleire kjende artistar på Breim i helga.

Foto: Runar Sandnes

– Vi hadde artistar som Hanne Sørvåg og Steffen Jakobsen, som gjerne trekkjer fleire ungdommar, ei målgruppe som vi ikkje i så stor grad har lukkast med å nå på tidlegare festivalar, seier Solstad og held fram:

– Artistar som Hellbillies og Bellamy Brothers slår godt an hjå alle generasjonar av countryfans, og så har vi også meir sjangerspesifikke konsertar som mange er interesserte i.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Slik er det på barnas countrytreff

SJÅ TV-SAK: Barnas countrytreff på Breim.

Spelte på nabogarden

Årets nyvinning på festivalen, som vart arrangert for 19. gong, var Sigrid Moldestad med vener sin Blågras-konsert.

Countryfestival på Breim 2013

FULL LADE: Sigrid Moldestad fyllte lada på nabogarden.

Foto: Runar Sandnes

I ei fullsett lade på Sigrid sin nabogard var stemninga til å ta og føle på.

– Det vart verkeleg ein eineståande konsert, med ein unik atmosfære. Sjølv om det var første gongen alle desse dyktige musikarane spelte saman, så kunne ein sjå at dei stortreivst og musikkgleda lyste av dei og smitta over på publikum, fortel Solstad, som allereie no ser fram til neste års konsert og festival.

Kvalitet i alle ledd

Solstad framhevar arbeidsinnsatsen dei frivillige legg ned i løpet av festivalen.

– Utan dei kunne vi ikkje skrytt av kvaliteten på same måten. Her brettar alle opp ermane og tek i eit tak, uansett om det handlar om dopapir, dusjar, matlaging, parkering, pynting, lyd, transport eller vakthald. Og det beste av alt er at dei gjer det med eit smil om munnen. Det er med på å skape den heilt unike festivalstemninga som ein berre finn i Breim, avsluttar ein nøgd festivalsjef.