Hopp til innhold

Flaumutfordringane vil berre auke framover, meiner NVE

Flaum, skred og ekstremnedbør vil det bli meir av fram mot neste hundreårsskifte. Det syner den nye klimaprofilen for Sogn og Fjordane.

Sjå Flåm frå lufta etter flaumen sine herjingar.

KRAFTIGARE OG OFTARE: – I Sogn og Fjordane, der store delar av befolkninga er konsentrert langs små og store elvar og i skredutsette område, er det derfor særleg viktig å planleggje godt, seier Brigt Samdal i NVE. I Oktober 2014 fekk bygda Flåm verkeleg oppleve naturkreftene frå si verste side. Flåm filma frå lufta etter herjingane til Flåmselvi 28. oktober 2014. Foto/Redigering: Heidi Lise Bakke.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det er venta temperaturauke, og då følgjer andre faktorar med, som ekstremnedbør. Det blir ein vesentleg auke i kraftig nedbør, både i intensitet og førekomst, seier regionsjef for NVE vest, Brigt Samdal.

I dag leverer dei fylket sin klimaprofil over til fylkespolitikarane, slik at dei veit kva ein kan vente av utfordringar framover og bu seg så godt som mogleg på dette. Profilen er utarbeidd av Norsk Klimaservicesenter, i samarbeid med NVE, Meteorologisk institutt og UNI Research.

Innhaldet bør ikkje overraske, då fagmiljøa i lengre tid har vore klare på at eit våtare og villare klima er å vente. Denne rapporten går endå meir i djupna og ser nærare på detaljar for fylket.

Brigt Samdal, regionsjef NVE

MÅ VERE BUDDE: Kvar enkelt må gjere det dei kan for å stogge klimaendringane, meiner regionsjef i NVE Vest, Brigt Samdal.

Foto: Christian Kråkenes / NRK

– I Sogn og Fjordane vil klimaendringane særleg føre til behov for tilpassing knytt til større flaumar, fleire skred, havnivåstigning og stormflo, ekstremnedbør og auka problem med overvatn, seier Hege Hisdal, hydrolog og klimarådgjevar i NVE/Norsk Klimaservicesenter.

Kommunane har hovudansvaret

Rapporten tek til orde for at bygningar og viktig infrastruktur må plasserast i god nok avstand frå bekkar og elvar. Tilrådinga er også at bekkar og vassvegar ikkje blir lagde i røyr av omsyn til flaumavleiing og vassdragsmiljø.

Kommunane og fylkeskommunane sitt arbeid med og ansvar for arealplanlegging er difor særs viktig for å sko seg best mogleg.

– Ein må unngå å bygge seg inn i område som kan bli meir utsette for dei endringane som skjer. Ein må ha gode system for å handtere vatn generelt. Samstundes har kvar enkelt ansvar for å tenkje gjennom korleis vi lever våre liv. Alle må ta inn over seg at endringane skjer og bidra til å motverke det, seier Samdal.

I rapporten blir det også peika på utfordringar som kanskje ikkje har vore like langt framme i medvitet som flaum og skred.

– Tørke kan også bli eit problem. Ein skulle ikkje tru det når ein kan få problem med mykje vatn, men det kjem an på når vatnet kjem. Høgare temperaturar kan gje høgare fordamping som igjen gjev tørke. Det er ting ein ikkje har tenkt gjennom og sett føre seg, seier Samdal.