Hopp til innhold

Flaumen har gjort skadar for 200 millionar kroner

Ifølgje Finans Norge er det per i dag komme inn forsikringskrav på nær 200 millionar kroner etter flaumen på Vestlandet førre veke. Men talet kjem til å bli langt høgare.

Flåm

HUS FORSVANN: Fleire stadar drog hus av garde med elva. Her frå Flåm.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Per i dag har vi fått inn 430 skademeldingar etter flaumhendingane som har vore. Vi anslår at det ligg mellom 190 og 200 millionar kroner, seier kommunikasjonssjef i Finans Norge, Tonje Westby.

Vel ei veke har gått sidan Vestlandet, og spesielt Sogn og Fjordane og Hordaland vart råka av ein oktoberflaum ein knapt kunne minnast maken til.

Hus, bygningar, tre og hagar vart heilt eller delvis smadra. Mange stadar, mellom anna i Flåm, Aurland og Odda, kom heile hus seglande nedover elvar.

Alle bygningar og lausøyre som er forsikra mot brann, er også automatisk forsikra mot naturskade.

Vil endre seg

Westby til ein på noverande tidspunkt på langt nær har den totale oversikta, og at det vil gå tid før ein i det heile er i nærleiken av noko slikt.

– Dette vil endre seg framover. Det er framleis ein del som ikkje har fått meldt skadar, og det framleis tidleg. Så eg presiserer at dette er førebelse tal, seier Westby.

Finansnæringens hovudorganisasjon har oversikt over krava forsikringsselskapa har fått når det gjeld naturskadar.

Tonje Westby

KJEM MEIR: Kommunikasjonssjef Tonje Westby trur tala vert større.

Foto: cf-wesenberg@kolonihaven.no / Finans Norge

Ho fortel at tala fordeler seg på både små og store skadar.

– Det er nokon større skadar, som totalskadde bygningar og bustadhus, og nokre industribygg med store skadar. Desse dreg naturleg nok opp beløpa veldig. Mellom dei er hotellet på Voss, seier Westby.

Andre vasskadar kjem i tillegg

Ho legg til at det er flest småskadar, men at desse ikkje utgjer mest når det gjeld totalsummen.

Ho har ikkje detaljkunnskap om kva kommunar skadane er i.

– Nei, det har eg ikkje. Men det er i Sogn og Fjordane og Hordaland. Det vi har tal på er det som er knytt til naturskadeforsikringsordninga. I tillegg har ein skadar i tillegg som ikkje er definert som naturskadar, men som til dømes er vatn i kjellaren og vasskadar, seier Westby.

Desse skadane kjem i tillegg til det Finans Norge har.

– Vi har ikkje ei samla oversikt over vasskadar. Det kjem ikkje no. Det vi har tal på er bygningar, lausøyre og hageanlegg opp til fem dekar som vert dekte av naturskadeforsikringsordninga, seier Westby.

Ho peikar på at etter denne type hendingar, tek det tid å få oversikt.

– Det er jo framleis hus som flyt i elvene, og som ikkje har vorte takserte. Difor vert tala litt upresise før vi har ei full oversikt, seier Westby.