Hopp til innhold

Flaum, ras og stengde vegar - sjå bileta

Uveret dei siste dagane har ført til mange stengde vegar i Sogn og Fjordane. Fleire stader har det blitt store øydeleggingar, men til alt hell har ingen personar blitt skadde.

Allereie tidleg i veka varsla meteorologane at ein hauststorm var på veg. Eit stort lågtrykk slo inn over kysten av Sogn og Fjordane fredag, og utover kvelden og natta kom det store nedbørsmengder.

Men allereie natta før fekk folk i fylket merke naturkreftene. Seint torsdag kveld dundra store steinblokker ned i vegbana på fylkesveg 55 mellom Sogndal og Leikanger.

Dei største steinane var store som personbilar, og ei stund frykta ein at bilar kunne vere sopa på fjorden. Skremde pendlarar fortalde at dei prisa seg lukkelege for at det gjekk så bra.

– Det hadde ikkje vore mykje att av bilen om nokon hadde blitt trefte, sa Tommy Slinde som dagleg køyrer forbi rasstaden ved Ylvisåker.

Møtte ras på omkøyringsveg

Dårleg flyvêr gjorde at geologane måtte ta seg opp i fjellsida ved Ylvisåker til fots. Lause jord- og steinmassar i kombinasjon med mykje nedbør i vente, gjorde avgjerda deira enkel. Det var for farleg å opne vegen fredag.

Rundt om kring i Sogn og Fjordane vart det gjort liknande vurderingar, og fleire vegar vart stengde fordi Vegvesenet frykta det kunne gå ras. I fjellet herja uvêret, og fredag ettermiddag og kveld var både riksveg 13 over Vikafjellet og fylkesveg 55 over Sognefjellet stengde.

Blant vegane som vart stengde var fylkesveg 609 mellom Askvoll og Førde. I området ved Heilvang har det fleire gonger tidlegare gått ras, og med stor trafikk på vegen tok ein ingen sjansar.

Dermed måtte folk ut på omkøyringsvegar, men også der viste naturen sine krefter. Pendlar Gustav Skaar tok vegen via Dale, men før han kom heim til Stongfjorden møtte han ras.

(Artikkelen held fram under)

Ein mann er evakuert etter at vatn fløymde inn i huset hans ved Sæla i Naustdal. Riksveg 611 som går like ved huset er stengd. Brannmannskap og politi er på plass.

SJÅ VIDEO: Rune Furelid blei evakuert etter at vatn fløymde inn i huset hans ved Sæla i Naustdal. Riksveg 611 som går like ved huset, var stengd.

Hus omringa av vassmassar – måtte evakuere

Over heile fylket bøtta det ned med regn utover ettermiddagen og kvelden fredag. I Naustdal sat sunnfjordingen Rune Furelid og såg på sjakk-VM medan vassmassane omringa huset hans.

Då han oppdaga det som var i ferd med å skje var det for seint.

– Eg såg ei elv som stod ned trappeoppgangen til huset mitt. Eg opna døra og då berre kom vatnet mot inngangspartiet. Eg måtte berre slenge att døra og sprang for å hente handkle og liknande som eg prøvde tette med, fortalde Furelid.

Brannvesen og kommune kom til for å hjelpe, og etter kvart måtte Furelid evakuere frå sin eigen heim.

Bad folk halde seg heime

Utover kvelden gjekk det stadig fleire ras langs vegane. Lista over stengde vegar på grunn av ras, rasfare og flaum vart berre lenger og lenger.

Hos Vegtrafikksentralen hadde dei sitt fulle hyre med å halde oversikta, og entreprenørane jobba på spreng for å rydde unna.

Men fleire stader frykta ein nye ras, og nokre av vegane vart det tidleg bestemt at ikkje skulle ryddast i mørket. På E39 i Våtedalen vart ein bil treft av stein, men til alt hell kom begge dei to i bilen frå det uskadde.

Fredag kveld vart bilistane oppmoda om å halde seg unna vegane natt til laurdag.

– Det er overhengande fare for at det kan kome fleire ras, og folk treng ikkje køyre rundt i utrengsmål, var den klare beskjeden.

(Artikkelen held fram under)

Der det er hjerterom er det husrom - også for tretti skremde busspassjerar. I dagslys er ho tilbake der dramaet starta.

BUSS KØYRDE INN I RAS: Ein buss køyrde seint fredag kveld inn i eit ras på riksveg 15 i Stryn.

Buss køyrde inn i ras

Like før midnatt fredag fekk politiet den dramatiske meldinga om at ein ekspressbuss hadde køyrt inn i eit ras på riksveg 15 ved Hjelle i Stryn. Mange av passasjerane halvsov då bussen bråbremsa. Jord og vatn spruta oppetter bussen og folk skjønte raskt at dei hadde køyrt inn i eit ras.

Rundt bussen både buldra og braka det i dei bratte fjellsidene og passasjerane fekk beskjed om å evakuere bussen. Det var lettare sagt enn gjort.

– Det var ikkje mogeleg å få opp den fremste døra på bussen, så bakdøra måtte opnast. Den første av dei som gjekk ut sakk langt ned i gjørme til beltet. Så då var det litt dramatisk, og det var mange som nekta å gå ut av bussen, fortalde passasjer Lars Inge Breivik.

Til slutt kom dei seg ut og gjekk nokre hundre meter bakover. Så gjekk det eit nytt ras, like framfor beina på dei. Innesperra av to ras fekk dei våte og kalde passasjerane etter kvart søke lys hos eit ektepar i nærleiken.

Også i Briksdalen i Olden måtte folk ha hjelp etter at dei vart innesperra av ras. Bilistane fekk hjelp av ein entreprenør til å kome seg vekk frå staden.

Omfattande skader på vegen

Langs Skredestranda på riksveg 15 mellom Nordfjordeid og Stryn er nær 300 meter med veg dekt av stein, jordmassar, tre og rotvelter.

Etter at raset vart meld inn fredag kveld var det raskt klart at vegen tidlegast kunne opne laurdag, men etter ei vurdering av skadane vart det klart at oppryddinga ikkje vart gjort i ei handvending.

Ryddearbeidet er så omfattande at vegen tidlegast kan opne måndag.

– Alt ligg i kaos nede på vegen, og det er ein stor jobb å rydde opp. Vi er også usikre på om vegen under er skadd, sa avdelingsleiar Nils Magne Slinde i Statens vegvesen laurdag føremiddag.

(Artikkelen held fram under biletet)

Opprydding på Skredestranda

OPPRYDDING: Tre, steinar, jord og rotvelt kom ned i vegen ved Skredestranda. oppryddingsarbeidet er så omfattande at det tidlegast kan fullførast måndag.

Foto: Øystein Torheim

Elva grov seg nye vegar

Brannkorpset har fleire stader måtte rykke ut for å hjelpe folk som har fått husa sine fylte med vatn. I Kråkenesmarka utanfor Førde vart klubbhuset til pistolklubben fylt med vatn, og det stod vatn høgt opp etter veggane fredag kveld.

– Det er vatn i alle rom og det står 10–15 centimeter opp på veggane. Ting flyt på golvet. Det første vi gjorde var å kutte straumen, for det var litt leidningar som låg i vatnet, sa Sissel Hals som er kasserer i klubben.

På Lote i Eid måtte Aud Hjelle flytte ut av huset ho budde i fordi ei elv grov seg under det. Først då det vart lyst av dag laurdag innsåg ho kor gale det var.

Det eine hjørnet på huset hang i lause lufta. Men ho frykta ikkje at huset skulle fare med elva.

– Men det burde kanskje ikkje bu folk her, vedgjekk ho.

Må klare seg utan veg og straum

I Oldedalen i Stryn sperra fem ras vegen inst i dalen, og forholda var laurdag slik at dei ikkje fekk rydda vekk alt. Geologen som hadde vurdert området frå fjellsida vurderte det som ikkje trygt å halde fram arbeidet.

Dermed er bygda utan veg, mest sannsynleg til over helga. Og vegstenginga fører også til andre problem. Straumen vart vekke ved midnatt fredag, og utan vegsamband får ikkje Stryn Energi fullført arbeidet. Dei 100 innbyggjarane inst i dalen må difor greie seg utan straum også resten av helga.

Jan Høgalmen seier situasjonen ikkje er ideell, men at dei må klare seg så best dei kan. Dei aller fleste har sikra seg med straumaggregat.

– Om det skjer noko er vi litt innesperra. Vi har ein båt som går på vatnet her, og den kan vi bruke. Og om det er noko lunde godt nok vêr kan det kome helikopter. Men no har det byrja regne og det er ganske tungt her inne, så det er ei uhyggjeleg stemning i dalen. Det skal eg ikkje leggje skjul på, seier han til NRK.no laurdag kveld.

Ein ekspressbuss med 30 personar ombord køyrde inn i eit ras på rikveg 15 ved Hjelle fredag kveld. Ingen vart skadde, men 19 av dei i alt 30 passasjerane sit framleis innesperra i eit bustadhus i området. Foto: Roger Vik

SJÅ VIDEO: Buss køyrde inn i raset i Oppstryn. Foto: Roger Vik