Hopp til innhold

Flaug heim frå Gjøa – Det vart litt spesielt

FLORØ (NRK): Han var på jobb på plattform i Nordsjøen då meldinga kom på nettavisene. Tre dagar etter helikopterulykka ved Turøy var det Oddgeir Madsen sin tur å ta fly heim.

Oddgeir Madsen

HEIME: – Det er godt å komme heim til Florø, seier oljearbeidar Oddgeir Madsen etter å ha lagt bak seg sin første helikoptertur etter ulykka fredag.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

– Det vart litt spesielt å gå inn i helikopteret og setje seg ned. Vi hadde nett hatt eitt minutts stille på plattforma til minne om dei som omkom. Like etterpå gjekk vi om bord i vårt eige helikopter, fortel oljearbeidaren frå Florø.

NRK møter Oddgeir Madsen i ankomsthallen til heliterminalen ved Florø lufthamn. Oljearbeidarar på tur inn, og på tur ut, snakkar låg saman denne ettermiddagen. Ulykka som har skaka ein heil nasjon er framleis det naturlege samtaleemnet. For desse kjem det ekstra tett på. Dei flygande nordsjøbussane er ein del av jobbkvardagen.

Snakka om ulykka på allmøte

– Det var litt sterk vind, men sjølve turen gjekk veldig fint, konstaterer Madsen. Då helikopterulykka i Øygarden utanfor Bergen var eit faktum fredag, var Madsen på jobb på Gjøa-plattforma ute i havet vest av Florø.

– Vi blei som alle andre varsla via media. Det er klart at det vart spesielt motteke der ute, i og med at vi reiser med helikopter, men det gjekk greitt. Det vart tatt opp på allmannamøte og diskutert, seier Madsen og legg til:

– Det er klart stemninga var spesiell.

Nyttar anna materiell

Flygingane til og frå Florø blir utført av same selskap som fredag var involvert i Turøy-ulykka, kanadiske CHC.

Maskina som styrta i Øygarden med 13 personar om bord, var av typen Super Puma. Helikoptermodellen står for om lag halvparten av alle norske offshore-flygingar. Desse maskinene har no mellombels flyforbod.

I Florø har selskapet dei siste åra nytta nyare helikopter av typen Sikorsky S92. CHC tapte i fjor kampen om kontrakten på flyging i Florø frå 2017

Sikorsky

ANNA TYPE: CHC nyttar helikopter av typen Sikorsky S92 på flygingane i Florø.

Foto: Birger Meland / NRK

Madsen seier helikoptera har kome seg mykje, dei 15 åra han har flydd offshore på jobb.

– Særleg etter at vik fekk desse nye S92-helikoptera. Dei er mykje betre, og det er meir plass. I dei gamle sat vi som sild i tønne.

Les også. Meiner det ikkje er grunn til flyforbod mot Super Puma

Pregar flyplassen

Lufthamnsjef i Florø, Siv Merete Stadheim

NORMAL TRAFIKK: Flygingane til og frå Florø går no som normalt. Lufthamnsjef Siv Merete Stadheim er som resten av miljøet prega av helikopterulykka.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Etter ulykka fredag vart alle offshoreflygingar langs kysten innstilt. Laurdag var trafikken i gang igjen, og det vart sett opp ekstra flygingar. Måndag gjekk trafikken som normalt i Florø.

Lufthamnsjefen Siv Merete Stadheim seier heile luftfartsmiljøet i byen er prega av helikopterstyrten.

– Ulykka som skjedde fredag rører ved alle oss som jobbar i denne bransjen. Det er små miljø. Når slike ting skjer, pregar det oss alle. Det kjem tett på. Slike hendingar er noko ein jobbar hardt for at ikkje skal skje, seier ho til NRK.

Offshoretrafikken ved Florø lufthamn omfattar om lag 45.000 passasjerar i løpet av eit år.