Hopp til innhold

Fjord1-vedtaket er godkjent

Vedtaket om sal av Fjord1-aksjane til Torghatten ASA er gyldig. Det har Kommunal- og moderniseringsdepartentet avgjort.

Vedtak i fylkestinget

TETT KAMP: Frå avrøystinga om Fjord1-salet i fylkestinget. Vedtaket vart gjort med 16 mot 15 røyster.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det er bt.no som skriv at det omstridde salet no er funne i orden.

Vedtaket om sal av Fjord1-aksjane vart gjort med knappast mogeleg fleirtal, 16 mot 15. Mindretalet meinte det var gjort sakshandsamingsfeil og kravde lovlegkontroll av vedtaket.

Denne kontrollen har no Kommunal- og moderniseringsdepartementet gjennomført, og konklusjonen er klar: Sakshandsaminga i samband med salet av Fjord1-aksjene til Torghatten ASA er ikkje lovstridig. Dermed blir vedtaket godkjent.

Jenny Følling og Tore Eriksen

GLAD FOR AVGJERDA: Fylkesordførar Jenny Følling, her saman med fylkesrådmann Tore Eriksen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Som forventa

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp), som representerer fleirtalet, seier ho er glad for vedtaket.

– Det var som forventa, eg trudde vi hadde gjort dette på ein måte som var lovleg, og eg er glad for at vi no har departementet si godkjenning på det. Dette betyr at kritikken som vart framført ikkje har ført fram, og vedtaket kan gjennomførast.

Hilmar Høl

– IKKJE OVERRASKANDE: Gruppeleiar Hilmar Høl (Ap).

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Med harelabb

Arbeidarpartiet røysta mot sal til Torghatten. Gruppeleiaren til Arbeidarpartiet i fylkestinget, Hilmar Høl, er ikkje imponert over det departementet har kome med.

– Eg har eit inntrykk av, når eg les tilbakemeldinga, at her blir vurderinga deira teken med ein harelabb. Men det er ikkje overraskande at dei kom til denne konklusjonen. Av åtte saker som er sende til lovlegkontroll har konklusjonen i alle åtte vore at vedtaket har vore gyldig.

Frank Willy Djuvik på talarstolen

– IKKJE GRUNNLAG: Frank Willy Djuvik (Frp).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Frank Willy Djuvik (Frp), som var i fleirtalet i fylkesinget i Fjord1-saka, er heller ikkkje overraska.

– Det er på ingen måte overraskande at departementet slår fast at dette var eit lovletg vedtak. Det var det fleire av oss som sa då denne lovlegkontrollen vart løfta fram. Her var det ikkje grunnlag for at det skulle finnast noko som tilseier at vedtaket var kome fram på ein ulovleg måte.

«Ikkje optimal sakshandsaming»

Departementet skriv at fleire av dei relevante saksdokumenta vart ikkje sende ut til fylkestingsmedlemmene og vart først tilgjengelege same dagen som møtet fann stad. Dette er ikkje optimal sakshandsaming. Jenny Følling er samd i det.

– Nei, det er ikkje optimal sakshandsaming i ein ordinær situasjon. Men sett i lys av at det her var opplysingar som var strengt konfidensielle, og at det var store lekkasjar i saka, så var det slik det måtte bli, og det har departementet godkjent.

Konklusjonen i vedtaket har denne ordlyden:

«I departementet si vurdering er det særleg lagt vekt den omfattande saksutgreiinga, korleis møte 23. november 2015 blei gjennomført og dei kompenserande åtgjerder som blei sette i verk for å opplyse fylkestinget. Departementet har på bakgrunn av vurderingane ovanfor, konkludert med at sakshandsaminga samla sett ikkje kan reknast som tilstrekkeleg mangelfull til at avgjerda har kome til på ein ulovleg måte, jf. kommunelova § 59 nr. 4 bokstav c.Fylkestinget si avgjerd i sak 46/15 må difor reknast som gyldig.»