Hopp til innhold

Stornøgd festivalsjef vil ikkje ha større festival

– Det har vore kjempegøy, jublar festivalsjef Rosa Marie Skovli Øyrehagen etter tidenes største Fjellsportfestival. Men større trur ho ikkje festivalen bør bli.

For speedridepilotar med gyldig lisens vart det arrangert toppturar i fjella i Sogndal.

SJÅ VIDEO: Speedride i Heggmyrane i Luster var mellom aktivitetane under helgas Fjellsportfestival i Sogndal. (FOTO/REDIGERING: FJELLSPORTFESTIVALEN)

Fersk festivalsjef

FESTIVALSJEF: Rosa Marie Skovli Øyrehagen er arrangementssjef i Bratt Moro og Festivalsjef for Fjellsportfestivalen.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Kor mange sjeler festivalen lokka ut i naturen denne helga, er uvisst, men 1.300 selde festivalpass er rekord for Fjellsportfestivalen.

– Det er ein ganske stor auke og både i høve til sal, deltakarar og aktivitetar er årets festival tidenes største. Eg ser ikkje at vi kan bli større enn i år, seier festivalsjef Rosa Marie Skovli Øyrehagen.

«Alt» var utseld

Festivalen starta torsdag og tre dagar til ende leverte dei eit tettpakka og innhaldsrikt program. 15 tinderettleiarar har teke med seg deltakarar på kurs og turar, og Stein Torleif Bjella leverte ein noko annleis konsert .

Det har vore aktivitetar for born, vaksne og familiar. Konkurransar har det også vore. Allereie før festivalen opna var både turar og kurs utselde.

– Eg trur oppturen først og fremst skuldast den fantastiske vinteren og forholda vi har hatt i Sogndal og området rundt. Det har fått ekstremt mykje bra marknadsføring i ulike kanalar, noko som har medverka til at folk har lagt merke til det, seier Øyrehagen.

Jibbing er ein populær form for alpin som involverer avanserte triks. Det blir ofte utført på ulike naturlege eller menneskeskapte element. Eksemplar på element kan vere gelender, hopp, kasse eller tønne.

SJÅ VIDEO: Jibbing er ein populær form for alpin som involverer avanserte triks. (FOTO/REDIGERING: FJELLSPORTFESTIVALEN)

Mange høgdepunkt

– Kva vil du trekkje fram som årets høgdepunkt?

– For meg som festivalsjef, så er det mange ulike høgdepunkt. Vi har hatt 130 utruleg flinke og frivillige dugnadsarbeidarar og har hatt kjempehyggelege festivaldeltakarar, seier ho og legg til at både frikøyringskonkurransen og Musikk på fjelltopp står høgt på lista.

– Det var mykje vind, og ganske kaldt, men å sjå 200 publikumarar møte opp var utruleg flott. Det var ei unik scene med fjell og Hurrungane i bakgrunnen, seier ho.

Ikkje større

Om gleda er stor over helgas arrangement, trur ikkje Øyrehagen at festivalen bør bli større. Allereie er overnattingskapasiteten i bygda sprengd under festivalhelga, og frivillige legg ned eit stort tal dugnadstimar.

Rindabotn Open erstatta den populære Kinesisk utfor i år.

SJÅ VIDEO: Rindabotn Open erstatta den populære Kinesisk utfor i år. (FOTO/REDIGERING: FJELLSPORTFESTIVALEN)

– Vi ynskjer no kontinuitet i Fjellsportfestivalen, og eg ser ikkje at vi kan bli større enn i år. Vi bør legge lista der, og heller profesjonalisere oss, levere meir kvalitet på små detaljar som infrastruktur, transport og logistikk, seier ho.

– Det er først og fremst der vi bør jobbe vidare. Eg trur også at det er mykje betre å ikkje vere så mange. Då kan vi levere meir kvalitet og levere meir eksklusivt, seier ho.