– Helga har vore heilt fantastisk, heilt strålande, aldeles fantastisk.
Tor Yttri, dagleg leiar i Bratt Moro, selskapet som arrangerer festivalen, kan knapt koma opp med mange nok lovord om festivalen.
– Høgdepunktet har vore å sjå alle dei nøgde folka, og alle dei positive tilbakemeldingane, og spesielt alle dei positive tilbakemeldingane me har fått om vertane våre.
– Ingen festival utan dugnad
I fjor var det regn og snøvêr, i år kunne dei knapt ha bedt om betre vêr. Nysnø nokre dagar før festivalen starta, før sola skein alle fire festivaldagane.
1246 selde festivalpass er det beste dei har hatt nokon gong. I tillegg alle dei som tok turen opp på fjellet for å oppleve folkefesten eller sjå på ein av dei mange konkurransane.
På dei ulike kursa og guida turane har dei hatt 267 deltakarar, også det rekord.
– Me har hatt konkurransar, kurs, turar og fjellsportkveldar, og alt har vore fullstappa. Det har rett og slett vore draumefestivalen for oss, og det har vore mange tilreisande og mange lokale.
- LES OGSÅ:
Yttri rosar det lokale dugnadsengasjementet, og seier at det ikkje kunne blitt festival utan dugnadsarbeid.
– Det fantastiske dugnadsengasjementet rundt oss er lika rørande å sjå kvar gong. Folk stiller opp og brukar fritida si på å laga ein knallgod festival.
- LES OGSÅ:
«Kva går de på her inne?»
Det er ikkje berre i Sogndal at det var skifest denne helga. På Hafslo vart det arrangert NM i telemark, der heimehåpet
i juniorklassa, og i Balestrand vart det arrangert med nokre av landets beste utøvarar.– Heile fylket vårt er blitt kjent for dei flotte vintrane og kor fine fjell me har. Det er nesten ikkje måte på kor mange som vil vera med å leika med oss når me har slike forhold.
– Me får heile tida tilbakemeldingar på at dei som er i dugnadsapparatet er so smilande, og då får me også nøgde gjester. Dei lurar på kva me går på her inne, sidan me smiler so mykje, seier Yttri.
Historisk «Kina-vinnar»
I Kinesisk utfor, eit av flaggskipa til festivalen, var det duka for ein historisk siger i år. Kåre Kristian Aaberge forsvarte fjorårssigeren, og sigla inn til heimesiger i år også.
Årets løype var snillare enn i fjor, men deltakarane fekk framleis høg fart nedover fjellsida.
– Ein går jo alltid med ein liten klump i magen når ein har ansvaret for so mange som er på fjellet, men me har so mange flinke tindevegleiarar og kursleiarar at det har gått kjempefint. Om dei ikkje hadde vore her, so kunne me ikkje ha arrangert dette.
–Saman med NVE satsa festivalen i år på ei lokal skredvarsling for festivalhelga for å auka sikkerheita til deltakarane.