Hopp til innhold

Fjaler skal synge seg til betre folkehelse

DALE (NRK): No vil dei ha med seg alle i lokalbefolkninga.

Krafttak for song heldt inspirasjonsseminar på Fjalerhuset 05.11.15

SONGGLEDE: Denne gjengen ønskjer at Fjaler skal bli ein syngande kommune.

– Eg har aldri møtt nokon som syng og er sure, i alle fall, seier inspirator Charlott-Renee Sandvik Clasen. Ho var i Fjaler for å informere om prosjektet «Krafttak for song» i går kveld.

Prosjektet har som mål å skape eit syngande samfunn, der songen skal vere med på å betre folkehelsa.

– Du ser det så tydeleg når nokon begynnar med song. Dei blir rakare i kroppen, dei tar i meir og har meir energi. Også smiler dei.

Den syngande kommunen er ein del av ein eksklusiv klubb.

– Fjaler er ein av 14 pilotkommunar som skal vere med, og ein del av pakka er at eg som inspirator kjem til kommunane og gjev eit dytt i rett retning, seier ho.

– I tillegg skal vi kurse alt frå førskulelærarar til eldreomsorga i å bruke song aktivt i kvardagen, seier Sandvik Clasen.

Charlott-Renee Sandvik Clasen

INSPIRATOR: Charlott-Renee Sandvik Clasen.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

Les også: Feira jubileum med song, musikk og Jesus

Heiv seg på tilbodet

– Vi får ofte tilbod om både det eine og det andre på e-post, men dette var noko vi veldig gjerne ville prøve, seier Ingeborg Tysnes, som er kultursjef i Fjaler.

Ho vil gjerne styrke nettopp songmiljøet i kommunen.

– Fjaler gode på kultur, og vi har veldig mykje bra frå før, så eg tenkte det kunne vere bra å gje songkulturen eit ekstra løft.

Ingeborg Tysnes

KULTURSJEF: Ingeborg Tysnes gler seg til å starte på prosjektet.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

Dei håpar tiltaket kan hjelpe dei med å nå den vanskelegaste aldersgruppa.

– Vi har alt frå song ved livets byrjing til musikk for demente. Utfordringa er å få med «dei mellom 19 og 34» som vi seier, men no skal vi prøve å starte eit ungdomskor, seier ho.

Lokalbefolkninga har mykje å glede seg til.

– I tillegg til korøvingar vil vi prøve å arrangere allsongkveldar. Det blir bra, seier ho.

Målfrid Skaar og Hilary Hamper

KORVENNINNER: Målfrid Skaar og Hilary Hamper elskar å synge. No håpar dei at ungdomen i Fjaler vil bli med.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

Les også: Frå elektrofag til song og dans

Dei lokale har trua

– Dette var jo veldig kjekt. Eg syng stort sett heile tida, eg, seier Målfrid Skaar nøgd.

Ho er ein av dei som har teke turen til Fjalerhuset for å høyre om prosjektet.

– Vi eldre song mykje på skulen, i dag kan det kanskje verke som om kulturskulen tek over for det, seier ho.

Ho håpar no at også den yngre garde kan engasjere seg i songen.

– Fjaler er allereie veldig gode på musikk. No får vi håpe at dei unge vil bli med, seier ho.

Hilary Hamper arbeider på helsestasjonen i Fjaler, og har tidlegare vore lærar ved United World College i Flekke. Ho er heilt einig med korvenninna Skaar.

– Dette er ein kjempegod idé! Når vi syng saman har vi det kjekt. Musikken gjer oss veldig glade, og det er noko alle bør få lov til å oppleve, seier ho.