Hopp til innhold

Fire skadde etter møteulukke

Fire personar er skadd etter kollisjonen mellom to bilar på riksveg 5 mellom Førde og Naustdal.

To bilar var innvolvert i ei ulykke mellom Erdal og Naustdal.

ALVORLEG ULUKKE: To bilar kolliderte i ettermiddag ved Erdal mellom Førde og Florø. (Foto / redigering: Stine Kyrkjebø Johansen)

– Det har vore ein kollisjon mellom to bilar, fire personar er skadde i ulukka, opplyser operasjonsleiar hos politiet, Wenke Hope, til NRK.

Brann, helse og politi drog til staden, Helse Førde rykte ut med tre ambulansar. Vegen er no stengt og det har danna seg lange køar. Ulukka har skjedd på riksveg 5, vest for Erdal mellom Førde og Naustdal.

– Undersøkingar og avhøyr av vitne på staden viser at det truleg ikkje er snakk påkøyrsel bakfrå slik som var meldt til politiet først. Det er mest truleg møteulykke. Den vidare etterforskinga vil avklare dette, opplyser politiet klokka 13.25.

Årsaka til ulukka er ikkje avklart. Ulykkesgruppa til Statens vegvesen rykker ut frå Bergen og vil ikkje vere på staden før ut på ettermiddagen.

– Ulukka skjedde i området ved den skarpe svingen etter Kvieneset i retning Naustdal at det har vore ein kollisjon mellom to bilar. Det er fleire skadde, spesielt i den eine bilen, seier politiet sin innsatsleiar på staden, Magne Faleide.

Ein kvinne og ein mann blei moderat skadd, medan to menn blei lettare skadd i ulukka.

Trafikkulukke ved Erdal på riksveg 5

FULL UTRYKKING: Tre ambulansar rykte ut til ulukka i Erdal, vest for Førde.

Foto: NRK.no-tipsar