Hopp til innhold

Fire lettare skadd etter kollisjon på E39

Ein av førarane er fråteken førarkortet etter ei trafikkulukke på E39 utanfor Førde.

Bekkjavatnet

Det er to bilar involvert i ulukka som har skjedd mellom Bekkjavatnet og Reset på E39 i Førde. Alle naudetatane rykte ut til staden.

– Det var fire personar involvert i ulukka, dei er lettare skadd og får behandling av helsepersonell, sa operasjonsleiar Kai Henning Myklebust torsdag ettermiddag.

Det var ein norsk og ein utanlandsk førar i dei to bilane. Den norske føraren kom over i feil køyrebane. Den andre føraren prøvde å svinge unna, men klarte det ikkje. Føraren som kom over i feil køyrebane er fråteken førarkortet.

Vegen var først stengt i begge retningar, og deretter var det manuell dirigering på staden i ein halvtime før vegen vart opna i begge retningar.

Det er ikkje mistanke om ruskøyring, ifølgje politiet, men det vil bli oppretta sak.