Hopp til innhold

Fire år etter lufteturen er oppdraget fullført

Kristoffer Espelund (22) blir blant vener framleis omtala som «han som hang over fjorden». No spesialiserer han seg på nettopp denne typen oppdrag.

Her blir mennene fira ned frå korga over Nordfjorden

IKKJE FOR DEI MED HØGDESKREKK: Ein teknisk feil på korga gjorde at SFE ikkje fekk den inn att, og vêret gjorde at redningshelikopteret måtte gi opp etter fleire forsøk på å berge dei. Dermed måtte dei to karane overnatte over fjorden.

Foto: Øystein Torheim

Her er arbeidarane endeleg på trygg grunn

VED GODT MOT: Linjemontørane Kristoffer Espelund (til venstre) og Kåre Olav Farstad, like etter at dei kom seg på trygg grunn.

Foto: Øystein Torheim

Natt til 11. september 2012 vart ei natt Kristoffer Espelund frå Nordfjordeid, og kollega Kåre Olav Farstad, aldri kjem til å gløyme. I ei lita korg sat dei fast heile natta, 100 meter over Nordfjorden, på kraftlinja mellom Stavenes og Agjeld i Stryn.

Redningshelikopteret kunne ikkje hjelpe, og neste morgon måtte karane fire seg ned sjølv.

– Eg hugsar det godt. Det blei såpass mange timar, at det gløymer eg ikkje, seier Espelund, som i grunn ikkje ser på hendinga som anna enn ei morosam oppleving.

Gjer jobben frå helikopter

Oppdraget var å bytte ut og fjerne gamle markørar på linja, men som eit lite minne om ei kald, våt og luftig natt, stod ein av dei gamle markørane att. Fredag vart den fjerna, men ikkje på same måte som i 2012.

– Tidlegare var dette arbeid som måtte gjerast ved hjelp av folk som tok seg ut på linja, eller så måtte vi seinke spennet til fjorden. Men det er veldig krevjande, både i høve til tid og utstyr. No er det leverandørar på marknaden som gjer slikt arbeid frå helikopter, og dei er spesialiserte på den type prosjekt, fortel kommunikasjonsdirektør i Sogn og Fjordane Energi (SFE), Kai Petter Sårheim.

Fjernar markør på kraftlinje i Stryn

DEN SISTE MARKØREN: Korga vart først seinka ned på linja, før ein montør kom etter. Arbeidet går kjappare enn med korg, men krev presisjon av ypparste klasse.

Foto: Jogeir M. Agjeld

Heller ikkje han har problem med å hugse hendinga for fire år sidan.

– Det var spesiell oppleving, som vi heldigvis ikkje har hatt i etterkant, og heller ikkje hadde opplevd før. Så det sit godt i minnet, det, men dei er veldig stødige karar, og tok ikkje skrekken av dette.

Var aldri redd

Dei to montørane som måtte overnatte over fjorden, jobbar begge for SFE. Den gong var Kristoffer Espelund lærling. No har han fagbrev, og spesialiserer seg mellom anna, på nettopp slike oppdrag.

– Eg har alltid likt høgder, og eg kunne ikkje tenke meg å arbeide med noko anna, fortel han.

To SFE-tilsette har fått seg ei natt dei truleg aldri vil gløyme. Ein teknisk feil har gjort til at dei har måtte overnatte i ei lita arbeidskorg minst 100 meter over Nordfjorden.

SAT FAST: Her kan du sjå TV-saka frå 2012.

Rutinane for slike oppdrag har blitt endra sidan 2012. No må montørane ha med seg utstyr til å kunne evakuere sjølv, men Espelund uroar seg ikkje.

Kristoffer Espelund

ELSKAR HØGDER: Kristoffer Espelund spesialiserer seg på oppdrag på linjespenn.

Foto: Privat

– Nei, det kan ein ikkje tenke på. Det var kaldt og vått den natta, men vi sat på ein grei plass. Eg var aldri redd.

Overnattinga 100 meter over fjorden har altså ikkje skremt han, og på sett og vis er han framleis kjend som «han som hang over fjorden».

– Eg pleier aldri seie det sjølv, men når vi møter folk, så seier gjerne kompisane mine at dette var no han som sat i korga over fjorden i Stryn, seier han, og ler.

Dramatisk bergingsaksjon for å hente to montørar som sat fast i ei arbeidskorg 100 meter over Nordfjorden.

MÅTTE FIRE SEG NED: Dagen etter firar montørane seg ned til ein båt på fjorden.