Hopp til innhold

Filma spekkhoggarar i Stongfjorden

Fisketuren i Stongfjorden blei ei artig oppleving då fire spekkhoggarar dukka opp like ved båten.

Sjå spekkhoggarane i Stongfjorden. Foto: Even Solheim

VIDEO: På fisketur i Stongfjorden fekk små og store i båten oppleve dette flotte synet. Foto: Even Solheim

– Det blei ein annleis fisketur, for det var ei artig oppleving å sjå spekkhoggarar så nært, fortel Even Solheim frå Naustdal.

Han er på hyttetur i Stongfjorden i Askvoll saman med vener. Påskeaftan skulle små og store på fisketur med båten då dei store dyra dukka opp.

– Vi var to båtar med tilsaman ni born i alderen 3–14 år i båten. Det var stor stas for dei også. Dei tykte det var gøy å sjå spekkhoggarane. Det blei ikkje akkurat mykje fisking, seier Solheim.

Spekkhoggarane er flokkdyr og er utbreidd over hele verda. Dei er vanleg å sjå i norske kystfarvatn. Den største konsentrasjonen i Norge er ved Mørekysten og i Lofoten. Men av og til dukkar dei opp i fjordane i Sogn og Fjordane også.

– Dei vi såg i går, sumde nesten heilt til botnen av fjordarmen. Deretter snudde dei og sumde ut att, seier Solheim.

Han og dei andre var aldri redde for at spekkhoggarane skulle komme for nær båten.

– Nei, dei heldt seg på avstand. Det er vanskeleg å seie kor lange dyra var, men den eine hadde bra storleik og hadde stor finne, seier han.