Hopp til innhold

Her køyrer semitraileren forbi ein annan semitrailer - rett før ein sving

Rett før svingen på E39, la den polske semitraileren seg ut og køyrde forbi ein annan semitrailer.

Created by InfoDispatcher

DROG FORBI: Kvinna som filma dette, frykta det verste då semitraileren drog forbi den andre traileren i ein slak motbakke, rett før ein sving. Til alt hell kom det ingen i mot.

Kvinna som filma forbikøyringa onsdag føremiddag, ønskjer å vere anonym. Men ho deler gjerne opplevinga.

– Eg var passasjer i bilen, og vi var på veg til jobb. På E39 mellom Sande og Førde, i Gaular kommune, såg vi to semitrailerar som låg i køen framfor oss, seier kvinna.

Ho tok opp mobiltelefonen og tok til å filme, rett og slett fordi den bakarste semitraileren låg svært nær den første.

– Eg ville dokumentere litt av galskapen som er på vegane, seier kvinna.

Såg nesten ut som éin bil

Ho tenkte med gru på kva som ville skje dersom den første traileren måtte gjere ein bråstogg.

– Bilane låg så tett at dersom ein ikkje visste at det var to som låg eter kvarandre, så såg det ut som éin lastebil med hengar, seier kvinna.

Men trass i at dei følgde med på køyringa, hadde ho aldri i sin villaste fantasi, trudd at traileren ville prøve seg på ei forbikøyring. Strekninga der forbikøyringa skjedde, er på eit parhundre meter, i ein slak motbakke, noko som forlenga forbikøyringa ytterlegare.

– Eg tenkte at dersom det kjem ein bil i mot, så smell det. Han måtte langt inn i svingen, før han fekk lagt seg inn att, fortel kvinna, som prisar seg lukkeleg for at det ikkje kom nokon bil andre vegen.

Tok kontakt med politiet

Ho fortel at ho har sett mykje galskap på vegane, slik at det nesten er slik at ein kvir seg til å leggje ut på vegen. Det vert ikkje betre etter dette.

– Akkurat der han la seg ut, er det oversiktleg. Men når ein ikkje kjem seg forbi fort nok, så kjem jo svingen, seier kvinna.

Etter hendinga, valde ho å kontakte politiet. Dei tok innspelet på alvor, og sende ut ei patrulje som stoppa sjåføren i Førde.

Mista førarkortet for fire månader

– Det var ei forbikøyring av eit vogntog som ikkje var slik som forbikøyringar skal gå føre seg. Vi har beslaglagt førarkortet til sjåføren i fire månader, samt at han har fått eit førelegg på 5.000 kroner for forholdet, seier lensmann i Førde og Naustdal, Jan Egil Tvinde.

Politiet hadde ei patrulje ute, og dermed gjekk det relativt raskt å få stoppa semitraileren i Førde.

– Både føraren og vogntoget er polske, seier Tvinde.

Sjåføren vedtok førelegget på staden.

– Det betyr at han har erkjent forholdet, seier Tvinde.

Hadde vore livsfarleg for møtande bilist

Han likar dårleg situasjonen som er dokumentert på videoen.

– Slik det ser ut på videoen så er det livsfarleg for ein møtande bilist. Det er veldig bra at vi får reagert på slik oppførsel i trafikken, seier Tvinde.

Men han legg til at det er sjeldan kost at politiet får tilsendt denne type bevis i ei slik sak.

– Det er sjeldan, men med nymotens telefonar så kan det vel fort bli meir av denne type bevisførsel. Viss det kan hindre farlege situasjonar i trafikken, så er det positivt, seier Tvinde.

Han torer ikkje tenkje på kva som hadde skjedd dersom det hadde komme ein bil i mot.

– Det er fatale følgjer dersom det er front mot front mellom vogntog og personbil, seier Tvinde.