Hopp til innhold

Festivalane blir billegare for unge

Hovudutvalet for kultur løyver 445 000 kroner til kulturarrangement for at ungdomar skal få rimelegare kulturtilbod i år.

Folkeliv på Malakoff-festivalen

FÅR PENGAR: Festivalen Malakoff i Eid kan tilby ungdom rimelegare festivalpass tilsvarande 228 000 kroner.

Foto: Heidi Fagna

Mest av alle frå Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid med 228 000 kroner. Målet med ordninga for kulturkort for ungdom er rabatterte kulturarrangement for unge mellom 16 og 20 år.

– Dette er ei ny ordning, der vi gjekk breitt ut når det gjeld kven som kunne søkje. Det har vore korte fristar, så vi vonar at fleire vil søkje og at vi får ei større breidde ved neste tildeling, seier Sissel Loen (H), leiar for hovudutval for kultur.

Sju fekk midlar

Løyingane vart vedtekne under møtet på Kviknes Hotell i Balestrand onsdag. Innan søknadsfristen var det kome inn 12 søknader. Sju av desse fekk gjennomslag.

Mellom desse er det fire musikkfestivalar, ein filmfest, ein ungdomskonsert og ein fotballfestival som alle får mellom 4 500 kroner og 228 000 kroner i støtte.

Støtta til musikkfestivalane skal gå til rabatterte festivalpass og ikkje billettar til enkeltkonsertar. Unnataket er Glopperock, som får støtte til ein konsert som er spesielt retta mot ungdom under 20 år.

Nei til kino

I tillegg søkte tre kinoar om støtte, men desse blir vurdert på nytt til hausten. Dette fordi ungdomspolitisk utval (UPU) i ein uttale meinte at kino bør takast ut av kulturkortordninga ved revidering av retningslinene.

- Rabattane er so små at det ikkje gjer noko frå eller til. UPU meiner at fylkeskommunen ikkje bør bruke 49 000 kr på at ungdomen skal få 10, 15 og 20 kr rabatt på kino. Kino er eit såpass populært kulturtilbod frå før av, skreiv UPU i uttalen.

Ny søknadsfrist

Sissel Loen

LEIAR: Sissel Loen i hovudutval for kultur.

Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

– Ved seinare handsaming av ordninga, skal UPU lage ei tilråding til fordeling, som så vert sendt til hovudutvalet. I denne søknadsrunden rakk vi ikkje dette på grunn av kort tid frå søknadsfrist til vedtak, seier Loen.

Søknadsfristen for neste tildelingsrunde for kulturkort for ungdom er 1. september, og retningslinene for ordninga skal reviderast før neste tildeling. Det var i desember i fjor at fylkestinget vedtok å etablere ordninga.